Tilbake til heimesida 
 
 
 Oppvekstsenter 

 Struktur 

 Skulen vår 

 Skulen no 


 Struktur. 

Suldal kommune har valt ein svært desentralisert skulestruktur. I ein kommune med berre 4000 innbyggjarar er det vel heller uvanleg med 7 skulekrinsar. Noko av forklåringa ligg nok i geografien, - det er lange avstandar mellom bygdene.  
6 av krinsane er kombinerte barne- og ungdomsskular, ein har berre barnetrinn. 2 av skulane har om lag 180 elevar, medan dei andre har godt under 100.  
Opprinneleg var det vedteke ein sentralskule for ungdomstrinnet, Og slik var det nokre år, men det vart stor uro rundt om i bygdene, og etterkvart kom det ungdomstrinn i dei alle.  
Det har dei siste åra vore politiske utspill for å endre denne strukturen, det er dyrt å drive skulen på denne måten, men alle slike utspill har falt, - så langt. Diskusjonen har og vore pedagogisk grunngjeven ; gjev så små skular ungdommen nok sosial trening og pedagogisk utfordring ?  
Så langt ser det ut til at elevane frå småskulane gjer det minst like godt reint fagleg og slett ikkje opptrer som  ”bygdetullingar” når dei kjem ut i verda.  
I 1996 vart 2 av dei minste skulane og barnehagen der gjort om til oppvekstsenter. Elevane våre ønskjer seg eit nytt namn, dei synest  oppvekstsenter lyder som ein institusjon, - ein stad der ein er innlagd. Finns det gode forslag der ute ?  
 
Tilbake
 
 Berit Myrland