|
Økonomien i elevbedrifta.
Elevbedrifta må utarbeida og framlegga eit budsjett. Alle inntekter og utgifter må bokførast og det må leggjast fram ein fullstendig rekneskap. Nivået og alderen på elevane legg retningsliner for kor realistisk budsjettet skal vera. Det skal og må vera enkelt for lærar eller ein annan rådgjevar til bedriften å orientera seg om den økonomiske situasjonen.
Råvarene til produksjonen må det kalkulerast innkjøpspris på, samt leige og kjøp av produksjonsutstyr må vera med før ein kan fastsetja ein pris på vara/tenesta. Til budsjettarbeidet vil det vera naturleg å nytta timar og kunnskapar frå matematikken. Dette faget kan gje hjelp til ei vidare forståing av korleis budsjettarbeid, økonomi, regnskap, kalkyler og statistikk fungerer. Det sentrale i prosessen med ei elevbedrift er at elevane skal skaffa seg innsikt i dei ulike elementa ein må ta omsyn til for å setja i gang ei ny verksemd. I læreplanen er statistikk og berekning av risiko svært viktig, særleg i ungdomsskulen.
|