Etikk
Opp Ressursbruk i  L-97 Aktuelle fag Etikk

                  Nye etiske utfordringar.

Pilskilt.wmf (1878 bytes)Det nye faget kristendomskunnskap med religions og livssynskunnskap vert eit godt reidskap for å arbeida med etiske utfordringar. Mange av dei haldningane elevane har tileigna seg er ikkje ønskeleg kunskap sett med skulen sine auge. Eit av problema i denne samanhengen er at ikkje skulen har gode nok møteplassar, der desse haldninga vert utfordra. I elevbedrifta har ein høve til å trena på nye område, dersom læraren er opptatt av dei etiske sidane av opplæringa.

Elevbedrifta er eit godt eigna forum for etisk læring, men kan samstundes verta svært øydeleggjande dersom det vert sett gjennom fingrane med uønska åtferd. Her som i mange andre samanhenger er det avgjerande for læringa korleis læraren taklar problema som oppstår. Ofte vert signala tolka slik at ting som læraren tillet er lov. Ansvaret for det ein formidlar kan nokre gonger vera skremmande, men dersom ein lærar søkjer å relatera seg opp til haldningar i livssynsfaga, og ta opne diskusjonar på problemområda, kan løysingane ofte verta gode.

Døme på emneområde ein kan møta i elevbedrifta og ta opp att i livssynsfaget:

Forretningsmoral.
Leiarstil og døme på desse.
Verdisyn.
Konfliktløysing.
Omsorg.
Sosiale klassar.
Kjønnsrollar
Forbruk og livsstil.
Forskjell på høgtid og kvardag.

Eit godt integrert prosjektarbeid med elevebedrift som arbeidsmetode, kan få stor tyding for elevane når det gjeld oppleving av livssynsfaget som nyttig.

Tilbake