Korleis kan skulefaga nyttast?
I tida framover vil stadig fleire elevbedrifter koma i
gang med utgangspunkt i eit tverrfagleg prosjektarbeid. Det er derfor nyttig sjå på kva
dei einskilde skulefaga kan tilføra prosjektarbeidet og utviklinga av elevbedrifta. Alle
fag har i noko å koma med, dersom vi tek utgangspunkt i at dei står på timeplanen fordi
faga har ein allmenndanande funksjon i førebuinga av vaksenlivet. Det er opp til kvar
einskild elevbedrift og lærarkreftene å avgjera kva fag som skal vera med i
prosjektarbeidet. Ofte er det timeplassering og kompetanse til dei aktuelle lærarane som
avgjer desse vala.
Faga kan bidra på ulike måtar. Ofte bør læraren
tenkja litt fleksibelt omkring deltaking. Det kan oppstå situasjonar som gjer at ein fag
bør hentast inn i prosjektet. Dersom lærarane er organiserte i team, er det lettare å
be om at eit tema innanfor eit fag vert dekkja innen tidsperioden for prosjektarbeidet.På
dei neste sidene er det gjeve døme på korleis dei ulike faga kan nyttast.
Kr.d. kunnskap og samfunnsfag.