Opplisting av fasane i
elevbedrift som prosjektarbeid.
Elevbedrifta kan gjennomførast som prosjektarbeid i
grunnskulen gjennom fire fasar. Sjølv om dette er ei forenkling av det ein i praksis vil
oppleva, kan ei slik inndeling vera til hjelp og gje eit oversyn.
 | Fase 1. Idear blir skapte. |
I denne fasen skal ideane myldre hos elevane. I Læreplanverket går
det òg fram som eit moment at "alle elever kan lære ved å se praktiske
konsekvenser av valg". Prosessen krev at aktørane skaffar seg kunnskap om
ulike produkt, lokale ressursar og korleis det er praktisk gjennomførbart.
 | Fase 2. Praktisk gjennomføring. |
Elevane skal ha ansvar for planlegging og gjennomføring av arbeidet.
Her inngår organisering av drifta, produksjon, sal og økonomi. Innhenting av
informasjon, tileigning av kunnskap og erfaringar rundt sitt eige satsingsområde, er dei
sjølve ansvarlege for.
 | Fase 3. Eit ferdig produkt. |
No skal eleven presentera og selja sitt produkt, og det er i denne
fasen dei vil erfara kva planlegging og forarbeid har å seia for det endelege resultatet.
Elevane får gjennom denne fasen ei djupare verdiforståing, for dei må visa kor
leveringsdyktige dei er og halda det dei lover kundane.
 | Fase 4. Avvikling av elevbedrifta. |
Ein viktig del av prosessen med elevbedrift er at elevane også skal
kunna avvikla drifta. Denne fasen gjer elevane nyttige erfaringar. Dei skal no gjera opp
status over sitt eige arbeid, og selja ut produkta sine så langt det lar seg gjera. Det
skal lagast ein årsrapport, og utforminga av denne er avhengig av kva skuletrinn elevane
er på. Dette kan gjerne vera ein logg som tek føre seg dei ulike prosessane med
elevbedrifta, der ein trekkjer fram negative og positive sider ved arbeidet.

|