|
Eit pedagogisk hjelpemiddel.
Elevbedrifta har som hovudmål å læra elevane teoretisk pensum gjennom praktisk arbeid. Ho skal ikkje vera eit nytt skulefag, men eit reiskap til å integrera teori og praksis i undervisninga, gjennom prosessen frå ide og til det føreligg eit ferdig produkt. Aktørane i ei elevbedrift får prøva ut og relatert sine kunnskapar til det verkelege livet som dei vil møta i framtida. Elevane lærer å sjå samanhengar mellom lokale ressursar og det å skapa arbeidsplassar. Dei erfarer bl.a. at det er mogeleg å bruka lokale ressursar til å skapa ein arbeidsplass, dei lærer å sjå at det ikkje er nødvendig å reisa frå heimstaden for å få seg arbeid. |