Opp

 BL00010A.gif (2391 bytes) Kristendomskunnskap med religion                       og livssyn.

Kristendomskunnskap med religion og livssynsundervisning vil vera eit naturleg val når ein skal drøfta ansvar, etiske lover og regler og konfliktløysingsmetodar som elevane skal retta seg etter i arbeidet med elevbedrifta. Nettopp dette med ansvarslæring er sentralt i skulen si målsetting. Elevane skal læra å ta ansvar for eiga læring, handlingar og liv. I ei elevbedrift blir det fort problemer dersom ein elev ikkje utfører sine plikter på ein ansvarsfull måte. Også i ein salssituasjon må elevane stå til ansvar for det produktet dei sel og presenterer.

BL00364A.gif (2111 bytes) Samfunnsfaget.

Samfunnsfag er eit sentralt fag som omhandlar korleis samfunnet er bygd opp, korleis det fungerer og kva element ein er avhengig av for at samfunnet skal fungera. Også her kjem arbeidslivskunnskap inn som ein sentral del, der elevane får kunnskap om korleis ein etablerar og driv ei bedrift. Elevane i ei elevbedrift lærer også mykje om samfunnet gjennom kontakt med omverda og lokalmiljøet utanfor skulen. Det er viktig at elevane orienterer seg om kva bedrifter dei har i sitt nærmiljø, men det er ikkje meininga at elevbedrifta skal "ta" noko av marknaden til det lokale næringslivet. Dette er eit sentralt poeng i arbeidet med elevbedriftene. Elevane får på denne måten meir breidde i sitt bilete av det lokale miljøet, og dei får innblikk i kva dei kan gjera, og kva ressurser som er tilgjengelege. Også faget natur og miljøfag er naturleg å trekkja inn i prosessen med kartlegging av nærmiljøet.

Opp Kr.dom og samf.fag Norsk, mat. og språk