Marknaden
Opp

                           Budsjett

Marknadstenking og produktutvikling .

Lokale ressursar er eit stikkord som elevane møter i fleire samanhengjer. Det er naturleg at fleire typar vert tekne med i idedugnaden. Hovudvekta vert likevel ofte lagt på dei naturgjevne og menneskelege ressursane. Lokal tilpassing av eit produkt kan vera avgjerande for å nå fram til marknaden. Det er derfor viktig at elevane tenkjer på målgruppa i marknaden før produktet vert utvikla.

Det å utvikla eit produkt frå ide til eit ferdig salsvare kan fungera som ei sjølvstendig oppgåve. Kvar elev kan koma opp med sine forslag. Elevane kan seinare presentera sine produkt /idear, og grunngje kvifor dei valte som dei gjorde. I denne sammenhengen kan også elevane gjera greie for kostnader og tidsbruk med produktet. Tilsvarande arbeidsfordeling kan gjelda for ein tenesteproduksjon som til dømes ein teateroppsetjing eller Web-sider. Men i slike høve vil det også vera naturleg å bruka norsktimar og musikktimane til "produktutvikling". Endeleg avgjerdsle om kva bedrifta skal selja må alle elevane ta i fellesskap. Det avgjerande er å finna fram til ein vare eller ei teneste som ikkje er for vanskeleg og kostnadskrevjande å setja i gang med. Men ei elevbedrift må heile tida vera open for vidareutvikling og forbetring av produktet sitt.

 

Budsjett