Norskfaget.
Kunnskap og ferdigheiter frå norskundervisninga er viktig når elevane skal skriva søknad på stilling i bedrifta, eller til dømes søknad til banken om økonomisk støtte eller anna bistand. Til skriftleg og munnleg marknadsføring av produkta gjennom til dømes flygeblad eller brosjyremateriell, må elevane kunne bruka ulike sjangre frå språkundervisninga. Rapport og loggskriving er ikkje mindre nyttige virkemiddel frå norskfaget. Mange elevar har opplevd at ting som ikkje vart notert ned, gjekk i "gløymeboka." Norskfaget kan derfor i mange høve verta ein berebjelke i det daglege arbeidet med bedrifta.Utforminga av sjølve produktet, design av salsbrosjyre, plakater og anna kan gje ein ekstra motivasjon for faget kunst og handverk.
Matematikk.
Praktiske rekneferdigheiter er også svært viktige. I matematikkfaget lærer elevane å rekna ut sjølvkost på eit produkt på grunnlag av materiellkostnader, kapitalkostnader og anna for å finna fram til ein salspris som skal dekkja utgiftene og litt til arbeidsinnsatsen . Dei må også læra seg å halda nøye rekneskap med inntekter og utgifter undervegs. Elevbedrifta bør sørgja for ei sikker oppbevaring av elevbedrifta sine pengar på konto, der alle innskott og uttak blir spesifisert på ei kontoutskrift. Det er truleg fleire sparebankar som kan bidra til direkte rådgjeving om korleis ein skal setja opp eit budsjett, søkja om etableringslån, kassakreditt og anna. Matematikktimane kan òg t.d. med stønad frå datateknologien nyttast i ein tidleg fase for å kalkulera risikoen for god eller dårleg lønsemd i prosjektet.
Språk.
Språkkunnskapar som engelsk, tysk og fransk er viktige element i kommunikasjonen med elevbedrifter i andre land. EOU- prosjektet legg opp til å skapa eit internasjonalt samarbeid mellom elevar og lærarar i Noreg og land ute i Europa.
IT og EDB fag er naturlege å bruka til elevbedrift med tanke på å halda oversikt over rekneskap og anna skrivearbeid. Elevane får på denne måten erfara den nyttige bruken av eit slikt hjelpemiddel som EDB er.