|
Tilrettelegging. Det er ikkje utan vidare gjeve korleis elevbedrift kan nyttast i grunnskulen. Fleire modellar har vore utprøva, og nokre av desse røynslene vert teke opp her. Resultata tilseier at ei eller anna form for prosjektorganisering vert vegen å gå i framtida.
Det første som må seiast er at ingen har noko fasit på korleis ein skal organisera ei elevbedrift. Organiseringa er avhengig av lokale tilhøve ved den einskilde skulen. Ein må ta utgangspunkt i sin eigen praktiske og ressursmessige situasjon. Data frå "Distriktaktiv skole" viser at 50% av elevbedriftene blir organiserte som ein integrert del av den ordinære undervisninga. Mangfaldet blir større når dette får gjelda alle elevane i klassen. Alle elevar får være med, uansett evner. Tanken om entreprenørskap er viktig å innarbeida hjå alle elevar i grunn- og vidaregåande skule, både hjå dei som tradisjonelt får gode karakterar, og dei som har problem med å tileigna seg teoretisk kunnskap. Elevbedrifta kan derfor anten gå inn i dei obligatoriske faga, eller nyttast som tilvalsfag. Mange synest kanskje at elevbedrifta tek mykje av tida som ein før nytta til fagarbeid i skulen. Men undersøkingar frå "Distriktaktiv skole" syner at dei tradisjonelle faga blir styrka ved å integrera elevbedrifta i undervisninga. Tidlegare har dei fleste ungdomsskulane organisert elevbedrifta som eit valfag (jfr. M-87). Etter planverket L-97 blir det tilsvarande faget tilvalsfag, praktisk prosjektarbeid eller skulen og eleven sitt val. Ved å ha elevbedrift som tilvalsfag får ein mindre grupper som er lettare å organisera. Eit ankepunkt mot ein slik organisering er at det lett kan bli eit eige skulefag. Det er viktig å halda fast på tanken om å gjera dette tverrfagleg, og vidareutvikla denne modellen. Elevbedrifta fungerer godt inn i obligatoriske fag først og fremst fordi konseptet i utgangspunktet er ein arbeidsmetode der ein kombinerer teori med praksis. |