Planlegging
Opp

                           Teoretiske modellar Meir om modellar

Ei punktliste med aktuelle fasar i utviklinga.

BS00871A.gif (2557 bytes)I arbeidet med elevbedrift er det mange område som læraren bør informera om for at elevane skal tileigna seg nødvendige kunnskapar. Nokre gonger kan det vera tilfeldig i kva rekkjefølge informasjonen vert formidla. Andre gonger er det ein fordel om læraren kjem med informasjonen når elevane treng han for å koma vidare. Ein akutt trong for kunnskap kan vera god motivasjon for læring.

Utvikling av idear.
Tileigna seg kunnskap om lokale ressursar.
Søkja kontakt med det lokale næringslivet og kommunale styringsorgan.
Marknadsundersøkingar.
Utvikling av eit produkt som lar seg selja.
Økonomisk vurdering.
Organisering av elevbedrifta.
Produksjon
Marknadsføring og presentasjon av produktet.
Sal.
Årsrapport.
Oppsummering av røynsler med elevbedrifta.

Det er ikkje tenleg å kommentera alle punkta på lista, men to tilhøve i forlenginga av punkta produksjon og økonomi kan takast med

Produksjon.

Elevbedrifta er mest tent med eigne lokaler, som ofte ein viktig faktor for at tiltaket skal bli vellukka. Det treng ikkje vera eit eige rom, men det må vera lagt til rette slik at andre lærarar/elevar ikkje kan irritera seg over elevbedrifta si verksemd. Arbeidsplassen bør òg vera funksjonell for at dei tilsette skal koma igang med ein eventuell produksjon.

Økonomi.

Når det gjeld finansiering til oppstart av ei elevbedrift, kan ei løysing vera at skulen set av midlar til dette føremålet. Pengesummen treng ikkje vera stor, men nok til at bedrifta får kontakt med sentrale aktørar, og kan ta til med ein produksjon. Desse pengane bør elevbedrifta betale attende til skulen. Ei anna løysing er at elevbedrifta gjer investeringar på skulen eller set av pengar til dei elevbedriftene som skal etablera seg seinare. Elevbedrifta kan også skaffa seg ein startkapital ved hjelp av å selja "aksjar" i bedrifta. Tiltaket som elevane skipar kan ikkje vera eit aksjeselskap, men dei tilsette kan selja andelar i si eiga bedrift.

WB01512_5.gif (115 bytes)