Praktisk igangsetjing
Opp Kva er ei elevbedrift Elevbedrift i gr.skulen Praktisk igangsetjing Gjennomføring

                           Marknaden

Frå ide til produktutvikling.

HH01478A.gif (2560 bytes)Å koma igang kan vera lett for nokre, og det vanskelegaste for andre. I ein klasse kan det vera ti hender i veret, medan i andre klassar sit elevane i ro og har ikkje nokre forslag å koma med. Kreativitet er noko som kan lokkast fram, for han finst i alle, berre evnene vert tekne i bruk.

 

Ein kreativ startfase.

Ein idedugnad eller "brain storming" prosess i startfasen er som nemnt ein av dei mest sentrale og viktigaste delane i etableringa av elevbedrifta. I denne fasen skal ein koma fram til kva elevane skal selja av varer og tenester. Det er viktig at alle ideane kjem på bordet, slik at dei kan vurderast frå ulike sider. Produktet til elevbedrifta bør ha rot i nærmiljøet, og elevane må difor skaffa seg kunnskap om sitt eige nærmiljø. Elevbedrifta bør også vera basert på dei menneskelege- kulturelle og/ eller naturressursar som finst i lokalmiljøet. Eit nyttig verktøy i denne fasen kan vera lokalavisene, der elevane kan skaffa seg informasjon om behov i nærmiljøet. I denne første kreative fasen, kan det vera naturleg å trekka foreldra inn som ein ressurs, dei kan gje god tilretteleggingshjelp. På dette tidspunktet kan det òg vera nyttig med eit foreldremøte, der ein informerer om korleis ein har tenkt å arbeida med elevbedrifta.

 

Marknaden