Ressursbruk i  L-97
Opp Ressursbruk i  L-97 Aktuelle fag Etikk

                           Tilpassa opplæring Problem elevar Erfaringar

Tema og prosjektarbeid.

Tid som skal nyttast til tema og prosjektarbeid har følgjande fordeling på dei ulike hovudtrinna i grunnskulen.

 

Småskulesteget frå  1. - 4.  klasse:     minst 60 %
Mellomsteget frå     5. - 7.   klasse:    minst 30 %
Ungdomssteget frå  8.- 10. klasse:     minst 20 %

 

Utanom dette kjem ressursane avsett til skulen og eleven sitt val, som utgjer minst ein årstime på alle trinn. Ei oppsamling eller bolklegging kan prosjektorganiserast slik at desse timane blir til noko som syner seg annleis i skulekvardagen. T.d. at elevane gjer noko som utvider ramma for det dei trudde høyrde heime innan fagkrinsen.  filmoppt.wmf (26380 bytes)

I ungdomsskulen kjem på toppen av dette bruken av tilvalsfag som tilsaman er 8 timar over 3 år. Sjølv om utviklinga på mange skular går i retning av at fleire vel språk, er det enno elevar som i desse timane ynskjer praktisk prosjektarbeid eller andre meir yrkesretta tilvalsfag som elevbedrift.

I den vidaregåande skule er det krav om at tverrfaglege prosjekt skal gjennomførast på alle trinn.

"Prosjektarbeid er ei målretta arbeidsform der elevane med utgangspunkt i eit problemområde, ei problemstilling eller ei aktuell oppgåve definerer og gjennomfører eit målretta arbeid frå ide til ferdig produkt, konkrete resultat eller praktiske løysningar" (Læreplanverket-97).

Neste