Utviklinga vidare. Fleire organisasjonar og stiftingar er etablert for å utvikla elevbedrifts- konseptet. "Foreningen ungdomsbedrifter" har satsa særleg på vidare- gåande skule, og har underavdelingar i fleire fylke. Distriktsaktiv skole ved Høgskulen i Stavanger har arbeidd mykje opp mot heile Vestlandet og har lagt mykje av grunnlaget for at elevbedrift som metode har fått ein så stor plass i L-97. DISK i Rosendal er eit døme på ei lokal stifting som gjennom satsing på elevbedrift frå tidleg på 90-talet, har skaffa seg solid kompetanse. Ved hjelp av fylkesmidlar og eit regionalt nettverk, satsar dei på utvikling av entreprenørskap i alle gunn og vidaregåande skular i Hordaland. I møte med den vidaregåande skulen kjem òg spørsmål som kan linke elevbedrift opp til yrkespraksis og lærlingeordning. Det regionale nettverket omfatter fleire delstillingar, og ein av desse er knytt til indre Hardanger og Voss. Nærare opplysningar om prosjektet i denne regionen er å få gjennom regionalleiaren. |