|
|
|
|
|
Eg er 47 år gammal og bur i Tysværvåg,
ei lita bygd i kommunen Tysvær ikkje langt frå byen Haugesund.
Med andre ord ein ekte vestlending.
Eg er gift og har tre barn. Dei to eldste på 23 og 21 år har flytta til Oslo for skulegong, medan "minstebarnet" på 17 år framleis bur heim og går på vidaregåande skule. Min store hobby er padling. Eg er i dag formann i Tysvær kano- og kajakklubb og leiar av Teknisk komite for flattvannspadling i Norges Padleforbund. Mykje fritid går med til denne hobbyen, men så gir det jo mykje tilbake.
|