KVEN PÅVERKAR?
Å ta eit val

Kven påverkar?

Konsekvensar

Det gode val

Søknad vidare

Rådgjevaren

Info-lenker

Når ein skal ta eit yrkesval, er det lett å bli påverka av status og ulike moteyrke. Yrke som ofte blir omtalt i massemedia eller som er populære innan familien eller vennekretsen, blir ofte føretrukke framfor yrke som kanskje passar ein betre når ein tek utgangspunkt i interesser og evne.

Det er mange ulike påverknadsfaktorar når du skal ta eit val.

FORELDRE vil ofte ha eit ord med laget når du skal velje. Dei meiner at dei veit best, har levd lengst og har erfaring.

SLEKTNINGAR av ulike slag vil ofte og seie kva dei meiner. Spesielt gamle tanter og besteforeldre er omtenksomme når du skal velje yrkesveg.

LÆRARAR vil og ofte ha eit forslag til deg om kva som er det beste valet for deg. Dei vil peike på dei ulike evna dine, og kanskje vil dei og kunne kome med ein del forslag. Høyr på dei, men ikkje la dei bestemme!

VENNER vil alltid blande seg opp i det du skal gjere. Kanskje vil du møte motbør frå nokre av dei. "Nei, det vil du aldri klare å bli!" er kanskje noko du vil få høyre. Ikkje la deg knekke!

KJÆRASTEN din er nok den vanskelegaste å takle når du skal velje. Må du velje ei utdanning som krev at du må reise bort frå heimstaden, kan dette vere spiren til ein del problem.

KOR VIL DU BU? Dette er avgjerande når du til slutt vel ei utdanning. Dersom du ikkje er stadbunden og vil helst bu i nærleiken av heimen din, er sjølvsagt valet mykje større.