Å ta eit val
Kven påverkar?
Konsekvensar
Det gode val
Søknad vidare
Rådgjevaren
Info-lenker
|
For alle elevar i 10. klasse og oppover er
1. mars deadline for å søkje om opptak til vidaregåande
skule, anten det gjeld grunnkurs, vidaregåande kurs eller søknad
om læreplass.
Søknadsskjema får ein hos sin lokale rådgjevar.
Han/ho vil hjelpe dei som spør om råd. Søknadsskjema
sender ein så til Inntakskontoret i fylket sitt.
På førehand er det lurt å lese i dei
forskjellige skulekatalogane som blir sendt ut frå Inntakskontora.
Igjen kan ein kontakte sin rådgjevar for å få slike katalogar
dersom ein ikkje allereie har fått.
Når det gjeld søknad om opptak til høgskular
eller universitet, er søknadsfristen 15. april. Ein søkjer
på eit skjema som ein får frå Samordna Opptak. Inntil
15 forskjellige studieønske kan ein skrive opp på dette skjemaet.
Skjema og studieguiden som følgjer med, kan ein få hos rådgjevaren
på vidaregåande skule eller hos Arbeidsformidlinga. Ein kan
og kontakte Samordna Opptak direkte for å få søknadsskjema.
Så er det berre til å vente i spenning. Har
ein nok poeng for å komme inn på sitt 1. ønske, eller
må ein ta til takke med eit av dei lågare ønska?
|