|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
FraksjoneringVåtgassane er ei blanding av fleire gassar. I fraksjoneringsdelen skal desse gassane skiljast frå einannan. Dette skjer i høge destillasjonstårn. Destillasjonstårna er opptil 40 m høge. Råstoffet som vert ført inn vert delt i to straumar. Ved å endra trykk og temperatur, vil éin av gassane gå over i gassform, medan dei andre framleis er flytande. Gassen stig til vêrs, medan den flytande gassen legg seg på botn av destillasjonstårnet. I toppen får ein ut den gasstypen eller den gassblandinga som er ønska, medan ein tar ut resten av råstoffet i botn. Ved å destillera gassen fleire gonger i forskjellige tårn, kan ein få ut dei einskilde gasstypane, éin etter éin. Dei minste, lettaste, hydrokarbona har lågast kokepunkt, difor vil desse gå over på gassform fyrst. Så aukar kokepunktet i takt med storleiken på molekyla. Frå naturgassen blir gassane skilt ut i denne rekkjefølgja:
Etterpå blir våtgassane kjølt ned til flytande form att og lagra mellombels på Kårstø. Grunnen til at ein held gassane nedkjølt på flytande form, er at dei då tar mykje mindre plass enn når dei er på gassform. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||