Satsingsområde på skulen.
**************************************************
It og bibliotek
er satsingsområde for skulen dette skuleåret.
Ei
ombygging av skulen med bl.a nytt datarom og bibliotek
var ein god start på skuleåret 1998. Desse romma ligg
vegg i vegg med dør i mellom. Dette er viktig, særleg
når ein arbeider med prosjekt. Biblioteket er ope for
alle heile dagen. Faste undervisningstimar er ikkje lagt
til biblioteket. Det vidare arbeid vårt vert å få
datasystem som kan lette registreringsarbeid og utlån i
biblioteket. Vi vil også få til eit nærmare samarbeid
med folkebiblioteket.
It-utstyr:
Etter
haustferien var det klart med datamaskiner knytta i
nettverk på dei fleste klasserom,grupperom og bibliotek.
Skulen har i alt 31 datamaskiner i drift. 23 av desse er
til bruk for elevar, og 8 er knytt til administrasjon og
lærarpersonale.

It-gruppe.
P-time-ressursen
ved skulen på 4 t/v vert nytta inn mot satsingsområdet
vårt.Skulen har ei it-gruppe som har faste møte kvar
veke. Dei står for planlegging av arbeidet med it. Desse
er med:
| Hans
Marius Christensen |
It-ansv. 3
t/v |
E-post:hansmc@vestdata.no |
| Hilde
Marie Pedersen |
It-ansv.
3t/v |
E-post:hildemp@vestdata.no |
| Ingunn-Marie
Myren |
Rektor |
E-post:ingunnmm@vestdata.no |
| Sissel
Espe |
It og
spes.ped. 1t/v |
E-post:sisseles@vestdata.no |
Lærarsatsing:
Erfaringane
i bruk av it er ulik blant lærarane.Vi har to som har
eitt eller fleire års utdanning, ein tredje lærar som
har 25% reduksjon i stilling for å ta 10 vekttal it.
Skulen nyttar 20 timar av 190t. ramma til kompetanseheving.
Alle lærarane skal ha kurs på 3x 2,5 timar i to ulike
veker. Eine veka er allereie unnagjort, så no er alle
lærarane i gang med å nytte verktøyet.
Elevsatsing:
Før
elevane fekk starte opp med å bruke alt datautstyret i
haust, måtte dei skrive under ein skriftleg avtale. Vil
du sjå den, så klikk her: .gif)
Skulen
og elevane sitt val.
Skulen
sitt val i år går til skulering av elevane i bruk av it.
Vi skal bruke 20 timar til dette. Alle klassene skal
gjennomføre kurs i Windows, Word, Excel og bruk av
internett.
It-valfaggruppe.
10.
klasse har i år valgfag it. I haust har dei laga årbok
for skulen. Den vart trykt opp i 400 eksemplar, og selt
ut til elevar, foreldre og bygdefolk på"Open
dag" i desember. Valfaggruppa hausta mykje ros for
dette arbeidet. Dei er ein observant gjeng og gjer artige
observasjonar på skulen.
Er
du nysgjerrig på kva observasjonar dei har gjort,så klikk her: .gif)

.gif)
Til
toppen

|