Innsamling
Gransking
.
.
Stadnamnteori
Ein kan definere omgrepet stadnamn som eit namn på territorielle punkt, liner eller områder som er eller kan verta kartfesta (NOU 1983:6 stadnamn). Eit stadnamn er monoreferensielt og har sitt opphav i natur- og kulturtilhøva på ein stad. Dei fleste stadnamna er substantiv, og særnamn (proprium). Med unntak frå dativområda, så kan eit stadnamn ikkje bøyast slik som apellativ. Morfologisk står eit stadnamn fram i ei form.
Historisk har stadnamn to ulike tradisjonar, den skriftlege- og den munnlege forma. Den skriftlege forma er den som har vore mest utsett for endringar på grunn av dei historiske tilhøva. Medan den munnlege forma har gått i arv gjennom mange generasjonar.
Ein kan dele eit stadnamn inn i samansette og usamansette namn. Dei fleste stadnamna er samansette. Eit samansett stadnamn har eit hovudledd og eit utmerkingsledd. Hovudleddet seier oftast noko om dei topografiske tilhøva på staden. Utmerkingsleddet gir som oftast ein karakteristikk av hovudleddet.
For å gje ein best mogleg analyse og tolking av eit stadnamn, er den nedarva lokale uttalen viktig. Problem som kan oppstå er, informantar som normaliserar uttalen eller usemje mellom informantar om den korrekte uttalen. Ofte er det kombinasjonen mellom ein korrekt uttale og ulike skriftformer som gjer ei tolking av stadnamnet mogleg.
.
.
Metodikk
Hovudprinsippa for innsamling som her er nytta er basert på metode frå fylkesinnsamlinga i Møre og Romsdal 1985-1995 (Halleråker1995:57).
Ei innsamling kan delast i tre fasar: ein innsamlingfase, ein analyse- og tilretteleggingsfase for dataføring og ein formidlingsfase.
Innsamlingsområdet er definert etter kartblad, til dømes AK 101.5.1.
Fem sentrale opplysningar i ei innsamling:
Mål med innsamlinga.
Innsamlingsarbeidet
må utførast på ein slik måte at samlinga vil ha både
praktisk, kulturell, pedagogisk og vitskapleg verdi for
ettertida.
Innsamlingsleiaren
må syte for at innsamlinga blir gjord einskapleg innanfor
innsamlingsområdet når det gjeld karttilvising, attgjeving av
uttalen og faste oplysningar om kvart namn.
Innsamlinga bør
utførast slik at det innsamla tilfanget utan altfor mykje
etterarbeid kan gå inn i eit kommunalt, regionalt eller
nasjonalt arkiv.
Krav til innsamlarane.
Ein må nytte lokale innsamlarar og kravet er at ein må ha interesse for innsamling av stadnamn. I tillegg må ein ha innsikt i lokal historie og lokal namnetradisjon.
Krav til informantane.
Ein må finne fram til personar som har god kjennskap til lokal namneskikk, målføret i området og lokal kultur. Informantane bør ikkje vere akademisk utdanna eller budd/ arbeidd utanom bygda.
.
.
Historikk
Den store pioneren var Oluf Rygh (1833-1899). Rygh fekk i oppdrag av Stortinget å vere leiar i ein komite som skulle revidere matrikkelen frå 1838. Med grunnlag i matrikkelen førte han vidare arbeidet med Norske Gaardnavne. Som grunnlag for arbeidet gjekk Rygh i gjennom ei mengde skrifter frå mellomalderen, til dømes Diplomatarium Norvegicum, skattemanntal og jordbøker.
Av Rygh vart det skrive eit foliobind av Norske Gaardnavne for kvart amt utanom Finnmark. Oluf Rygh døydde i 1899 og banda vidare vart gjeve ut av ulike redaktørar.
Norske Gaardnavne framstår i dag framleis som det ledande verket innan norsk stadnamngransking.
Norsk Stadnamnarkiv vart oppretta i 1921 med Gustav Indrebø som leiar. Med bakgrunn i at Ryghs arbeid tok utgangsunkt i bustadnamn, vart det ei oppgåve for arkivet å samle inn naturnamn.
I 1931 sette Indrebø i gang eit større innsamlingsposjekt, den såkalla Skulebarninnsamlinga. Her vart skuleborn nytta som innsamlarar og lærarar som innsamlingsleiarar.
Regionale stadnamnarkiv kom på 1960-talet og vart plasserte ved universiteta. For Vestlandet i Bergen, for Trøndelag i Trondheim og i Tromsø for Nord-Noreg. Universitetet i Oslo fekk Austlandet, samt nasjonale oppgåver.
.
.
Kart
For å arbeide med stadnamn må ein ha kjennskap til kartverk og kunnskap om kartspråk. Ansvarleg for kartverk er Statens Kartverk utviklar i hovudsak tre hovudseriar: Økonomisk kartverk, Topografisk hovudkartserie og Hovudkartserien til Sjøkartverket.
I innsamlinga må ein skrive nummeret som representerer stadnamnet på rett plass i kartet.
.
.
Stadnamnforsking i Noreg
Sidan slutten av 1800-talet har den norske stadnamngranskinga vore prega av Oluf Ryghs arbeid med Norske Gaarnavne. Heilt fram til dei siste åra har gardsnamn fra sentrale delar av landet vore i sentrum.
Dei viktigaste oppgåvene i denne perioden har vore innsamling, tolking og normering. Seinare har meir teoretiske problem oppteke granskarane, som til dømes lingvistisk tilnærming.
Ein kan dele stadnamngranskinga frå Ryghs tid og fram til i dag, i to bolkar. Fram til ca 1975 i Norsk Stadnamnarkiv sitt arbeid, og etter- med arbeid hjå respektive høgskular og universitet.
.
.
Funksjonar
Den viktigaste funksjonen eit stadnamn
har er adressefunksjonen. Eit namn som til dømes Kvalsund er ei
adresse til eit område med bustadar.
Den språklege funksjonen gjer ofte greie
for den lokalitetsapellative tydinga.
Lokalitetsapellativa i eit namn fortel
oss mykje om topografiske forhold - topografiske funksjon.
Dei fleste namn har ein kulturhistorisk
funksjon - det fortel oss om busetnad, transportvegar og det
daglege liv i eldre tider.
.
.
Språkleg analyse
Det sikraste grunnlaget for å kunne tyde eit stadnamn er å nytte den lokale uttalen. I innsamling av stadnamn har det sidan Oluf Ryghs tid vore nytta ei eller anna form for fonemisk eller fonetisk skrift.
Morfologiske trekk som eintal eller fleirtal, bunden eller ubunden form legg grunnlaget for ei tyding av namnet. Til dømes vika (Spjelkavika) - vikane (Skarbøvikane), myra - myrane som båe er gardsnamn.
I ei leksikalsk analyse kan ein skilje mellom topografiske appellativ og kulturgeografiske appellativ. Dei topografiske skjildrar oftast naturen, medan det kulturgeografiske tar føre seg meir kulturlandskapet.
.
.
Normering
Å normere eit stadnamn vil seie at ein skriv namna etter svært strenge rettskrivingsnormalar eller andre normeringsreglar.
Ein kan dele normeringa inn i 6 ulike prinsipp:
Norrøn normering.
Dansk normering.
Halvnorsk
normering.
Heilnorsk
normering.
Regionalnorsk
normering.
Samlenorsk
normering.
Desse prinsippa kan identifiserast med den norske språkutviklinga.
Dansketida
Tida under dansk herredøme kan ein dele inn i to bolkar. Eg vel å gjere det politisk fordi dette er enklast, men ikkje mest nøyaktig. Første bolken er frå unionen starta i 1380 til reformasjonen og det endelege dødsstøtet for norsk sjølvstende i 1536. Den andre bolken er frå reformasjonen til frigjeringa i 1814.
Den første bolken var ikkje berre prega av dansk påverknad, men også av svensk. Også tysk gjorde seg gjeldande visse stader med hanseatisk påverknad. Dette var ein periode med vakling og mange blandingsformer. Diftongar som "ei" gjekk over til "e", "øy" til "ø" og dei harde konsonantane P, T, K gjekk over til B, D, G.
Den andre bolken i dansketida er nærast einerådande danskpåverka. Mykje av normeringa er vilkårleg, og dansk rettskriving gjer seg gjeldande i dansk-norske fellesord. Skog kunne bli til schouff, kleiv kunne bli til kleff eller kløff. Aukra blei til Agerøe og Snåsa blei til Sneaasen.
Etter 1814
Utover på 1800-talet blei det større interesse for norske stadnamn og den nasjonsskapande nasjonalismen som råda ville kvitte seg med danskestyret ein gong for alle. Matrikkelen frå 1838 bar preg av ein tidleg fornorskingstanke. Likevel hadde dansken satt sine spor. Ein normerte etter rådande norsk rettskriving, uvitande om at namnet også hadde eit historisk opphav.
I 1878 vart det satt ned ein namnekommisjon som skulle ta føre seg gardsnamna i matrikkelen. Oluf Rygh var leiar for dette arbeidet. Med dette fekk vi ei halvnorsk normering. Rygh ville finne faste former for alle desse gardsnamna og tok gjerne til norske former av namna dersom dette var høveleg. Dialektane vart tillagt større vekt i normeringa. Diftongar og harde konsonantar vart gjenninførte. Dansken gjorde seg likevel gjeldanede i bøyingsverket.
På 1900-talet
På 1900-talet innsåg ein at ein mangla eit fast regelverk for normeringa av stadnamna. Det var nye tider og større krav til presisjon på alle samfunnsområde. I 1913 fekk ein dei første reglane for rettskriving av stadnamna. Dialektane skulle vere rettesnor. Det vart reglar for bruk av harde konsonantar (P, T, K), enkel og dobbelskriving av konsonantane, bruken av dativformer og reglar vedrørande bøyingsverket.
I 1929 vart det normert
skrivemåten på kart. Det var nynorskrettskrivinga som skulle
verre gjeldande saman med bygdemålsuttalen.
I 1933 fekk ein "fyresegner om skrivemåten av
stadnamn". Dette arbeidet vart leia av Gustav Indrebø. Det
var helst reglar for det offentlege som her vart nemnd. Ein fekk
også ei konsulentordning som institusjon-aliserte
stadnamnnormeringa.
I 1957 vart reglane meir detaljerte og ein tok større omsyn til
dialektane enn tidlegare. Det vart også oppretta ein
appellinstans for protestar mot rettskrivinga av stadnamna.
Lov om stadnamn
I 1990 fekk ein ei lov om stadnamn som truleg er eineståande i verdssamanheng. Det er så mange omsyn å ta når det gjeld stadnamn at denne lova vart nødvendig.
Lova skal sikre at det offentlege ikkje går over hovudet på dei private sjølv om det offentlege er ein aktør på alle samfunnsplan. Det offentlege har namn på kummunar, kartverk, departement, postkontor osv. Ein skal ta vare på lokaldemokratitanken. Det offentlege skal også vere ansvarleg for kulturvernaspektet ved stadnamna.
Lova tek føre seg reglar for skrivemåten, kven som vedtek skrivemåten, kven som har plikt til å følgje vedtekne skrivemåtar, bruken av namn i fleirspråklege område, kven som kan ta opp namnesaker, reglar for saksbehandling og reglar for klageordninga.