Stordal
gamle kyrkje ligg eit par kilometer frå
sentrum på nordsida av riksveg 650.
Kyrkja vart bygd i 1789, og var i bruk
fram til 1907. Ein reknar med at kyrkja
vart bygd der den første
stavkyrkja låg. Under bygginga vart
ein del av materialane og noko av
inventaret frå stavkyrkja nytta opp att.
I byrjinga var kyrkja raud, men i 1662
vart bordkledninga skifta, og kyrkja vart
måla kvit slik som ho er i dag.
Stordal gamle kyrkje
sett frå riksvegen.
Ikkje rart at Stordal gamle kyrkje
vert kalla "Rosekyrkja".
"Den som for første gong stig
inn i det låglafta kyrkjerommet møter
eit syn han seint vil gløyme"
skreiv Nils Ellingsgård om Stordal gamle
kyrkje."Vegger ,tak og bjelkeverk er
dekorert over det heile med figurmotiv,
ordnament og rankar på kvit botn.
Målinga er gjennomført i barokk,
renesansestil både i motivval og
utforming Berre i fargevalet kan ein
merke påverkning frå rokokkoen"
Invendig
er kyrkje rikt dekorert i merkelege,
fargesprakande rankar, blomar,draperi og
bilelske figurar. Alt måla i kraftfulle
strøk av målarane Anders Reinholdt og
Vebjørn Halling.