ROSEKYRKJA
Inventar
Preikestolen.

Den massive preikestolen er også rikt dekorert . Speil og fyllingar er måla i hovudfargane blått og kvitt. Dei figurative renesansemotiva utgjer dekoren på preikestoen.

Sokkelen på preikestolen er laga av ein svær tømmerstokk Han er dekorert med utskjeringar og er truleg frå den første kyrkja i Stordal. Ei fjøl som er frå den første stavkyrkja har den same utskjeringa som sokkelen på preikestolen. Denne fjøla kan ein sjå i våpenhuset. Preikestolen
Blomst,  detaj på preikestolen Detalj på preikestolen
Blomane i midten på preikestolen er måla i sandsteinsgult og er i ein klar blåfarge.

Dei naive anleta øverst og nederst har den same linjeføringa som figurane på veggane.