wbåtte.gif (8539 bytes)

kniv.gif (1326 bytes)HOVEDMENY:smile.gif (1578 bytes)

FISKERETTAR

flatbrød supper og graut

mjølkerettar

kaker og brød andre ting

selskap og høgtid

 kjøtrettar   kokebok

Geir.jpg (26827 bytes)  fisk.gif (8434 bytes)

Fisk var mykje  brukt både til kvardags og fest i Nordfjord. Men brosme var den fisken som blei oftast brukt når det skulle vere festmiddag. I elvane i Nordfjord og i Hornindalsvatnet var det bra med fisk, og Nordfjorden låg for dei fleste innanfor kort rekkevidde. For dei som budde eit stykke frå fjorden, var det viktig å koservere fisken slik at han var haldbar over tid. Fisken vart derfor ofte salta, røykt eller tørka.

WB01422_.gif (530 bytes) MENY

      lettsalta torsk
      laks
      kams
      brosme
      kubbesild
      boknasild
      lutafisk
      andre linkar


torsk.gif (7064 bytes)

torsk.jpg (14191 bytes)
(bildet er brukt etter løyve frå KOM forlag. Fotograf: Per Eide)

Lettsalta torsk er ein tradisjonell fiskemiddag, spesielt ute med kysten. I dag serverer vi gjerne steikt bacon til eller smelta smør der det er hardkokte, samanknekte egg oppi. Det er òg mange som serverer kvit saus til fisken. Og det skal vere kokte poteter og gjerne gulrøtter og broccoli til. Til slutt må det vere flatbrød eller fiskelefse til.

Skjær torsken oppi skiver og legg dei i saltvatn ca 2 - 3 timar. Vask deretter fisken godt, og la fisken trekke i lettsalta vatn i ca. 20 minutt (eller til fiskebeina losnar frå kjøtet). 

laks.gif (2815 bytes)

Laks var det rikeleg tilgang på og var like gjerne kvardagskost som selskapsmat. Om sommaren vart han brukt fersk, men ein del vart salta til vinterbruk og ein del vart røykt. På nokre gardar sette arbeidsfolket som krav at dei ville ikkje bli servert laks meir enn eit visst antal gongar for veka. ("Matoppskrifter for indre Nordfjord).   

Å få til ein god røykelaks krevst både gode råvarer, reinsemd, ein god stad å røyke fisken på og erfaring. Nokre likar laksen godt røykt, andre ville ha han mindre røykt. Gravlaks er og ein kunst i seg sjølv å  lage, og det krevst svært god reinsemd. Oppskrifta under er den enklaste varianten: Kokt laks.

Rens laksen godt i kaldt rennande vatn. Skjær laksen opp i passelege stykker. Legg han ned i ei gryte med kokande og godt salta vatn. La laksen trekke i ca. 20 minutt. Server med poteter, gulrøtter, agurksalat, smelta smør og flatbrød til.

Laks kan lagast på ulike måtar, og her er han lagt i forma før han blir sett i omnen.

laks_i_form.gif (46410 bytes)
        lakseoppskrifter

kams.gif (3077 bytes)

Dette er ein middagsrett som vart brukt ute med kysten og fisken må vere fersk. Både brosme og torsk er godt å bruke som kams. Det er heile fiskehovud som blir brukt her og gjellene er med. I tillegg vert levra i fisken brukt.

Denne oppskrifta er henta frå "Vestlandsmat" og kjem frå Stadt. Vask fiskehovuda godt og la dei stå i kaldt vatn natta over. Levra må òg stå i kaldt vatn natta over. Neste dag må fiskehovuda vaskast godt med ein børste der du skrubbar av hinna på hovudet. Vask godt inne i hovudet òg. Levra må òg vaskast godt og ta eit godt tak i hinna på innsida av levra og trekk ut trevlar som ligg inne i levra. Når levra er godt reinsa skal ho mosast. Bruk ei kjøkkenmaskin til det.

5 fiskehovud

500 gram reinsa og mosa fiskelever

1 ss salt

1 ts karve

1/2 ts pepar

2 1/2 dl kefir

250 gram raspa, rå poteter

500 gram kveitemjøl

500 gram byggmjøl

Bland kefir, krydder, mjøl og raspa poteter og rør det inn i levermosen med visp. Fiskehovuda blir fylte med denne massen. Bruk ei skei. Legg dei fylte fiskehovuda over i kokande, salta vatn. Kok/trekk i 1 - 1 /4 time.

Vert det røre til overs kan du lage små kaker som du rullar inn i matpapir og legge dei oppå hovuda i den varme gryta. Dei treng ikkje så lang koketid som fiskehovuda. Dersom du berre vil ha kaker, kan du lage kams utan å bruke fiskehovuda. Server med poteter og grønsaker, kefirmjølk eller skumma kulturmjølk til.

brosme.gif (5490 bytes)  

                              selskap og høgtid

Skjær brosma opp i passelege serveringstykker, legg i kokande, salt vatn og la fisken trekke i 20 minutt. Server med poteter, gulrøtter, smelta smør og flatbrød til

                    kubbes.gif (6725 bytes)

KUBBESILD FRÅ UTVIK OG STRYN:

Fersk storsild må vaskast godt og tørrsaltast på eit bord. Legg silda på ryggen mot bordet med eit godt lag av grovsalt under. Legg silda lagvis og strø salt over. La silda ligge i tre døgn. Prøv om ho er passeleg salt. Ta silda opp frå saltet og vask av saltkorna. Heng silda til røyking ein dag. Til røyking er det best å bruke einer til brensel for at smaken skal bli best mogeleg. Heng silda til speking på ein luftig stad.

eller:

Ta innmaten ut av silda og kapp av hovudet. Vask silda godt og legg ho i saltlake. Saltlaken lagar du slik: Vatn (så mykje at det dekkjer det du skal salte), og salt kokar du oppi ein kjele/gryte. Laken er salt nok når ei vanleg rå potet flyt på laken. Laken må vere kald før han kan brukast. Silda skal ligge i laken eit døgn. Ta silda opp av laken og heng ho til tørk i 3 - 4 veker.

Steik silda på rist i omnen ved svak varme, ca. 150 grader.Server silda med kokte, kalde poteter og flatbrød til. (Matoppskrifter frå Indre Nordfjord")

bokna.gif (6693 bytes)

BOKNASILD FRÅ STRYN

Skjært hovudet av silda. Kløyv silda etter ryggen og ta ut innmaten. Framanfor sporen stikk du kniven gjennom heile silda. Når du vrengjer sporen gjennom dette holet, breier silda seg ut, og tørkar ho lettare. Legg silda i salt eit par timar før du heng ho på ei stong til tørk i 3 - 4 veker. ("Matoppskrifter frå Indre Nordfjord")

lutafisk.gif (4919 bytes)

lutefisk.jpg (12879 bytes)
(bildet er brukt etter løyve frå KOM forlag. Fotograf: Per Eide)

Lutafisk lagde folk sjølve frå grunnen av. Til råstoff brukte dei torsk eller lange, og luten laga dei av oske og vatn. Lutafisk blei brukt til jul og det blei servert grønsaker, steikt flesk og fiskelefse attåt.

Her er andre sider med fiskeoppskrifter som kan vere kjekke å ta ein tur innom:

http://graficonn.no/webhotell/oppskrifter/

http://www.fiskarlaget.no/godt.html                                        

 wbfire.gif (950 bytes)                                                               wbfem.gif (949 bytes)        
kokebok                                                            meny   

wbåtte.gif (8539 bytes)