wbåtte.gif (8539 bytes)

kniv.gif (1326 bytes)HOVEDMENY:smile.gif (1578 bytes)

KJØTRETTAR

selskap og høgtid kokebok

mjølkerettar

kaker og brød andre ting

fiskerettar

flatbrød supper og graut

Grill_.gif (9393 bytes)kjotre.gif (8283 bytes)

Kjøt var viktig kost og det vart slakta stort sett om hausten. Då blei det laga både spekemat og pølser. Ingenting gjekk vekk - alt blei brukt, og tilkjøtet vart det alltid servert poteter, flatbrød eller lefser og grønsaker om det fanst.

kniv.gif (1326 bytes)  MENY:

    spekepølse
    kjøtpølse
    mårpølse
    mor si gryte
    raspeball/klubb
    hjortesteik


spekepolse.gif (6755 bytes)

Spekepølse var ein viktig del av kosten. Det var stas både for små og store når det vart servert spekemat til middag eller kveldsmat. Dette var tileggsmat til vassgraut med surmjølk, og saman med spekematen vart det servert poteter og flatbrød.


Pølse vart laga i slaktetida. All innmat vart brukt: tarmane vart godt skylde i kaldt og rennande vatn og dei måtte suast ofte. Dei vart lagde i kaldt vatn til neste dag. Då vart alt feittet på innsida skrapa av. Innmaten elles vart godt reingjort før den skulle brukast: det vart duppa i kokande vatn og skrapa reint. Både hjerte, lunger, nyrer, hovud delar av vomma, og litt kjøt vart brukt som deig i pølsa.

Kjøtet skal malast 3- 4 gongar i ei kvern (tidlegare vart det hakka og knadd), og det skal krydrast med salt, karve og muskat. Deretter skal deigen stappast ned i tarmane. La det stå i 2 - 3 dagar og elt det godt slik at pølsa blir seig og god. Om det høver, kan pølsa røykast (med einer). Deretter må pølsene hengast til speking i 2 - 3veker. (Matoppskrifter frå eldre tid i indre Nordfjord)                        

kjptpo.gif (6658 bytes)

1 kg grisekjøt

1/2 kg flesk

1/2 kg sauekjøt

salt

pepar

muskat eller allehånde

Mal kjøtet ein gong i kjøtkvern. Elt deigen saman med krydder - alt etter kor sterkt du vil ha det. Stapp deigen inni dyretarmar (til det kan du bruke kjøtkverna dersom det er pølsetut på kverna). Vask deretter pølsene i sterkt saltvatn før du heng dei opp til tørk . Dei bør henge ca 3 dagar og ikkje for kaldt. Heng pølsene kaldt til speking i  10 dagar. Då kan du bruke pølsene.

morpolse.gif (5888 bytes)

Her er framgangsmåten på samme viset som ved tillaging av kjøtpølser.

Innmat av sau: hjerte, tunge, nyre, litt av lungene, litt av magesekken, matrøyret, hinna mellom magen og herte, endetarmen og oppover, sautalg riven i småbitar (ikkje malt). I tillegg må du ha krydder: salt, pepar, ingefær, muskat. Dette er gamlemåten, men i nyare oppskrifter blir det òg brukt kjøt og flesk i deigen.

morsgryte.gif (6479 bytes)

1/2 kg lammekjøt

1/2 kålrot

2 gulrøtter

4 - 6 poteter

1 løk

Bland saman:

2 ss mjøl

1 ts pepar

1/2 ss

Skjær grønsakene i skiver og legg dei lagvis med kjøt og mjøl i ei gryte. Ha på så mykje vatn at det dekker alt.Kok til kjøtet er møyrt, og server med kokte poteter og eventuelt andre grønsaker. ("Matoppskrifter frå Indre Nordfjord")

raspeball.gif (6344 bytes)

klubb.jpg (18555 bytes)
(klubb eller raspeball saman med røykte svineknokar, pølser, kålrot og salta suekjøt. Fotograf: Ragge Strand)

ELLER KLUBB som det heiter i Nordfjord var og er brukt  heile året til middag. Nokre serverer kokte poteter og kålrot og litt kjøt attåt, andre har steikt bacon/flesk, røykte svineknokar og kokt kålrot til, andre brukar pølser til osv.   I tillegg vert det gjerne servert sukker til eller rømme og sirup som klubben/raspeballane vert duppa oppi. Til drikke er det saft eller surmjølk.

0,5 kg kokte poteter

1 kg rå poteter

1 lita ss salt

7 ss kveitemjøl

ca. 5 dl byggmjøl

Rasp potetene og bland godt med dei andre ingrediensane. Form til ballar: ta deigen oppi i ei våt spiseskei og form i handa. Trykk gjerne ein fleskebit inni midten av raspeballen før du legg ballen i gryta med rykande varmt vatn. Ta gjerne 1 - 2 spiseskeier buljong i vatnet fyrst. La raspeballane trekke i 30 - 40 minutt; alt etter kor store dei er.

hjort.gif (6359 bytes)

steik.jpg (12282 bytes)
        (fotograf: Per Eide)

Hjort er vanleg vilt på heile Vestlandet, og variasjonane i tilverkinga av hjortekjøt er store. Det var rikeleg med tilgang på hjortekjøt mange stader, og det smaka godt. Til fest eller til søndagsmiddag vart det gjerne brukt hjortesteik.

Hjortekjøt frå bog eller lår (ca 2 kg til 6 - 7 personar)

salt

pepar

margarin

80 gram kveitemjøl

litt løk

ca. 1 liter sjy

Tørk av steika med ein våt klut. Gni ho inn med salt og pepar og og brun ho godt på ei varm steikepanne med margarin. Ta steika av steikepanna og legg ho nedi ei langpanne i rykande varm omn (180 - 200 grader). Steika held best på krafta om ho surra med hyssing.  Steik i ca 30 minutt pr. kg. kjøt, då er ho gjennomsteikt. Spe med kokande vatn, kraft og kanskje litt løk. Kvart 10. minutt bør det ausast over sjy (væska som ligg i botnen av langpanna). Kvil steika i romtemperatur før du skjer ho opp.

Saus: sil skyen, lag bruning/jamning av smør og kveitemjøl, kok dette opp og smak til med krydder, litt einerbær om du har, fløyte, litt brunost og litt rømme. Steika blir skoren opp og saus, kokte poteter og grønsaker vert servert til. 

Andre adresser du kan besøke:

http://www.forum.no/wenche/

http://www.connection.se/fjalldeli/

 

wbfire.gif (950 bytes)                                                                     wbfem.gif (949 bytes)
kokebok                                                                    meny

wbåtte.gif (8539 bytes)