Ca. ein dag
før egglegging, kan forplantingsrøra observerast på
paret. Ein gjer vel i å studere desse for å vere sikre på
at det er ho og hann ein faktisk har. Spesielt viktig vert det om ein berre
har kjøpt to scalarar og ikkje er sikker på kjønna
på dei. Det som kan skje er at to hoer kan oppføre seg som
eit par og til og med legge egg. Desse egga er naturlegvis sterile og vil
aldri verte klekte, men snart verte angripne av sopp.
Forskjellen på forplantingsrøra er at hoa har eit mykje breiare rør som er forma som blyet på ein litt nedsliten blyantspiss. Hannen har ein mykje smalare og spissare forplantingsrør. Desse kjenneteikna er grunnlag for den sikraste metoden for å skilje kjønna. Sjå elles kjønnsulikskapar.
Scalarane føretrekk å legge egga sine i den øvste halvdelen av akvariet. Objekt som plasserast i akvariet for at fiskane skal legge egga sine på det, må vere ganske høge, ca. totredjedeler av akvariets høgde. Scalarane kan like gjerne legge egga sine på eit stort blad, eit filterdeksel eller direkte på glasveggen i akvariet. Det siste kan medføre komplikasjonar om ein har tenkt å klekke egga på kunstig vis.Under egglegginga, legg hoa egga på fleire linjer tett saman. Når ho er ferdig med ei loddrett linje byrjar ho på ei ny. Hannen kjem etter og frør egga med jamne mellomrom. Egglegginga tek ca. ein time. Etter den tid har det blitt ei komprimert samling av egg, tett i tett på objektet. Egga kan fjernast etter at endå ein time har gått, altså etter to timar, om ein ynskjer å klekke egga på kunstig vis. Vert egga dekka av sopp etter ein dag eller to, har ikkje egga vorte frødde, eller du har to hoer som legg egg, fordi dei er sprekkferdige av rogn eller er svært leikelystne.
Har det same avslparet lagt egg meir enn fire gongar utan resultat, treng dei ei lenger pause slik at hoa ikkje vert avmagra og utslitt. Det er best å skilje paret og ha dei kvar for seg ei tid før en prøver igjen. Om ein ikkje har høve til å skilje paret, kan ein til nød plassere dei i eit selskapsakvarie der dei forhåpentlegvis ikkje får fred til å legge egg.