Det viktigaste ein må tenke på, er å variere mellom to-tre ulike fôrslag slik at fiskane ikkje vert matleie og byrjar å sultestreike. Sjølv har eg nytta frosne reker som eg har hakka opp, samt rekeegg. I tillegg har eg nytta vanleg tørrfôr. Av og til har eg gitt litt mygglarvar. Frosne artemiar er også bra. Elles et scalarane alt av levande fôr som er smått nok og egna til det.
 
 
 
 
 
 
 
 
Læremiddeloppgåve i informasjonsteknologi 1 på Høgskulen i Volda.
Scalareboka er skriven av Geir Seljebotn våren 1998.