Avlsakvariet
bør vere ca. 100 liter og temperaturen bør ligge på
+26-29°C. Vatnet bør vere skifta ut og akvariet reingjort på
førehand, slik at fiskane får legge egga sine i eit reint
akvarie med friskt vatn. Då er det større sjanse for høgare
klekkings- og overlevingsprosent på egg og yngel. Det kan gjerne
vere eit eller anna av plast eller ein glasbit som plasserast loddrett
i akvariet som fiskane kan legge egg på. Han må vere så
høg at han rekk over totredjedeler av akvariets høgde.
Ein må passe på at ein ikkje har eit filter av ein type
som filtrerer yngelen når desse vert klekt. I så tilfelle må
det sikrast slik at dette ikkje skjer. Straumen må heller ikkje vere
for kraftig for då kan yngelen verte ført rundt han og dei
misser kontrollen over symjinga si.
Læremiddeloppgåve
i informasjonsteknologi 1 på Høgskulen i Volda.
Scalareboka er skriven av
Geir Seljebotn våren 1998.