Skal du klekke egga på kunstig vis, må du passe på å ha akkurat same vasskvalitet og temperatur i klekkingsakvariet/yngelakvariet som i det akvariet egga vert lagt. Er dette kravet oppfylt, er det berre å overflytte egga til yngelakvariet etter at det har gått to timar sidan egga vart lagt. Då er det ein fordel om egga er  lagt på eit objekt som lett let seg fjerne frå avlsakvariet.
 

Egga krev oksygen slik at du må passe på at det er ein svak straum forbi egga. Til dette kan du gjerne bruke ein luftstein tilkopla ei pumpe. Egga kan verte angripne av sopp, derfor kan det løne seg å ha eit eller anna soppdrepande middel oppi akvariet. Slikt får du kjøpt på akvarieforretningar.
 
 
 

 
 
 
 
Læremiddeloppgåve i informasjonsteknologi 1 på Høgskulen i Volda.
Scalareboka er skriven av Geir Seljebotn våren 1998.