Egga vert klekt etter ca. to døgn og yngelen sym med små
buktande rørsler etter fire døgn. Etter seks døgn
sym dei med brukbar kontroll og ser ut som annan yngel. Foreldra gjer alt
dei kan for å halde yngelen samla og snappar opp dei som måtte
kome på avvegar med kjeften og spyttar dei inn i stimen igjen. Etterkvart
som yngelen vert meir og meir aktive vert det ei ganske håplaus oppgåve.
Paret treng mest mogleg ro under egglegging og oppfostring av yngelen.
Hjå enkelte par kan dei buktande rørslene til yngelen vere det som gjer at foreldreinstinktet vert svakare enn jaktinstinktet. Då må ein passe på å fjerne yngelen på eit tidlegare stadie neste gong dei legg egg, eller klekke egga på kunstig vis. Det er no likevel eit fint syn å sjå at foreldra tek seg av avkommet sitt, for dei som måtte ha glede av det. Då passar dei på yngelen når dei er ute på symjetur og legg dei i ei klynge på t.d. eit blad når kvelden kjem.
Det kan vere gunstig å ha ei svak lyskjelde i nærleiken
av akvariet slik at det ikkje er heilt mørkt i det om natta etter
at yngelen er klekt. Då er det lettare for foreldra å finne
igjen yngel som måtte ha kome seg ut av nattleie og er i ferd med
å havne nede på botnen. Om yngelen havnar på botnen kan
dei vikle seg fast inne i grusen, rive seg opp eller døy av surstoffmangel.
Uansett så må anten yngel eller foreldre fjernast etter fjorten
dagar ,for då er det stor sjanse for at foreldra vil legge egg på
nytt og då kan dei oppfatte sine eigne yngel som ein fare og gå
til angrep og ete dei opp.