
Scalare
er ein ciklideart som stammar frå Amazonas i Sør-Amerika.
Scalarar som ein kjøper i akvarieforretningar er kryssningar mellom
P. eimekei og P. scalare. Scalaren har ei svært smal kroppsfasong
sett framanfrå, men han er veldig brei og rund sett frå sidene.
Ryggfinnen og analfinnen er lange. Dei har eit par lange, tynne trådaktige
gattfinnar.
Den mest vanlege og naturlege fargevarianten er den som kallast sølvscalare. Han har ein sølvblank farge med fire langsgåande, pluss tre korte og mindre tydelege mørke tverrstriper. I dag har oppdrettarar fått fram mange ulike fargevariantar.
Ein scalare kan verte ca. 15 cm lang og krev djupe akvarier
p.g.a. sin høge kroppsfasong, helst 100 liter eller meir. Vatnet
kan ha ein temperatur på ca. 25ºC og ein pH på ca. 6.6
- 7.0. Scalarane har det same krav til stell som dei fleste andre akvariefiskar.