
resultat.
Når ein har valgt ut to eller fleire fiskar og desse har danna par,
går det oftast ikkje lang tid før egglegginga nærmar
seg. Eit teikn på dette kan vere at paret begynner å gjere
rein ei eller anna overflate for smuss og skit, t.d. eit blad.
På dette stadiet er paret svært aggressive overfor andre fiskar, særleg andre scalarar. Dei har gjerne eit område i akvariet som dei forsvarar som sitt territorium. Då er det forlengst på tide å overføre paret til eit eigna akvarium for egglegging, eller fjerne dei andre fiskane i akvariet om det skulle passe betre. Etter eit slikt inngrep går det ofte frå fjorten dagar til tre veker før ein kan rekne med at paret vil legge egg, sidan dei vert forstyrra i førebuinga si.
For dei som ynskjer å gå meir profesjonelt fram, må dei ha fleire fiskar å velje mellom når dei skal sette saman eit ideelt par. Velg eit likt tal på store og små scalarar, sidan dei store mest truleg vert hannar og dei små mest truleg vert hoer. Å opprette oversikt over kva kryssingar ein føretek er påkrevd om ein vil ha oversikt over stamma si over tid. Det krev ein del kunnskap om arvelære og kva for eigenskapar som er dominante over andre osb.