Dei
første 6-7 dagane av yngelen si levetid tærer dei på
plommesekken. Deretter må dei fôrast så ofte som fire,
fem gongar per dag. Ideelle fôrslag er nyklekte artemiar, frosne
bosmider, tørka reke som er oppsmuldra i fine partiklar, eller tørrfôr
for yngel. Det er viktig at dei berre får små mengder om gongen
og ikkje meir enn at dei et det opp, elles kan vatnet verte forureina og
det vert utvikla nitritt som er kvelsstoff for fiskane og dei kreperar.
I tillegg kjem faren for at sjukdommar kan utvikle seg i akvariet ved overfôring. Spesielt reagerer dei på ammonium i vatnet som kan gi skadar på gjellene og føre til dårlegare oksygenopptak sjølv ved lav konsentrasjon. Teikn på dette er at yngelen supar etter luft på overflata. Det kan oppstå skadar på gjellene og eksemplara vil utvikle seg i uønska retning. Det kan også medføre døden for dei.
Vert yngelen fora fornuftig på denne dietten kan dei verte
salgsklare etter åtte veker. Yngelen veks fort med riktig fôring
og stell. Dei første fjorten dagane ser dei ut som vanleg yngel,
men etter omtrent fire veker byrjar dei å utvikle den typiske
scalareformen.
Frå egg til åtte veker skal yngelen ha nytt vatn kvar
dag. Skift ut berre ein tiandedel av vatnet. Det er ein fordel om ein skiftar
vatn annan kvar dag etter åtte veker og fram til dei er tolv veker.
Etter den tid krev dei vasskifte som vaksne scalarar.