Heim til 
    Jæren! 
 
Då annankvar hode'l var avfolka! 


Gjennom heile historia har busetnaden i landet vårt gått opp og ned i bølgjedalar. 
Kan me nå etter dette grove omrisset av den gamle jærske garden, gje oss i kast med å telje kor mange gardar det har vore? Og endå viktigare: kor mange brukarar og familiemedlemmer? 
Det er heller vanskeleg å føre desse opplysningane attende til det første årtusenet av vår tidsrekning. Men dersom me går ut frå nyare kjende tilhøve, let et seg gjera å få eit overslag over busetnaden i høgmellomalderen (1000-1350). Til grunn for desse overslaga ligg slike ting som namnet på garden, kva tid garden første  er nemnt i kjeldene, storleiken på landskylda, eigedomstillhøva og dei lokale landskapshøva, Ut frå dei granskningane som er gjorde, ser det ut til at 430 gardar har vore busette på Jæren i høgmellomalderen. Truleg ligg det faktiske talet ein stad mellom 450 og 500, Sikre tal på kor mange gardar som var busette, får me omkring år 1500. Då syner skattelistene at berre 220 gardar hadde busetnad. 
 

  
 Øydegardstida i Bø og Njærheim sokn i seinmellomalderen 
(1349 - 1536) 
 

                                 gernyk@rl.telia.no