Sjølvevaluering

Eg bestemte meg for å undrersøke trivselen blant barna på idrettskulen. Trivselen er avhengig av så mange faktorar. Eg valgte å ta utgangspunkt i kva lærarane har å seie, korleis atmosfæra mellom barna bør vere og kva valet av aktivitetar har å seie. Sjølv om eg tenkte på fleire faktorar, klarte eg alltid å vri det slik at det passa under dei tre eg alt hadde. Desse var med andre ord svært dekkande.

Eg ville få svar på dette ved å nytte spørreskjema. Eg kunne klart ha nytta intervju også, men såg det slik at begge måtane å hente inn informasjon på kan ha sine svake sider. Då valgte eg den som for meg ikkje såg ut til å vere så arbeidskrevjande. Dessutan hadde eg ikkje gjort dette før, så det verka spennande.

Sjølv om eg ville at foreldra skulle hjelpe barna med utfyllinga, synest eg det var vanskeleg å lage gode og eintydige spørsmål. Dei måtte vere på barna sitt kontekstnivå, slik at dei forsto kva eg spurte om. -Og for at eg skulle få svar på det eg ville ha svar på. Dette krevde mykje arbeid!

Då eg fekk tilbake spørreskjemaene viste det seg at det var ein del av dei som ikkje var fullstendig utfylt. Dette gjaldt spesielt der eg hadde sett opp fleire spørsmål etter kvarandre med same svaralternativ i ei kolonne til høgre. Kva som gjorde dette veit eg ikkje. Men både svaralternativa og spørsmålsstillinga var kanskje ikkje gode nok.

Eg såg dessutan at eg ikkje kunne ta for meg alle spørsmåla i skjemaet i mitt analysearbeid. Hadde eg skulle ha gjort det, hadde eg vel holdt på enno. Men dette var på førehand vanskeleg å bedømme, eg var mest oppteken av å ha mange spørsmål, slik at eg fekk noko å skrive om.

På dette tidspunktet bestemte eg meg for å begrense meg til å sjå på ein viktig faktor til trivsel; tryggleik. Eg ville sjå på tryggleiken knytt til lærar, medelevar og aktivitetane. Som matriale nytta eg alle spørsmåla under tryggleik-delen i skjemaet, pluss at eg plukka nokre frå dei andre delane. På denne måten kunne eg òg unngå dei delane som var mest ufullstendig utfylt.

Når eg byrja å lese litt om dette, før eg tok til på teoridelen og analysedelen, såg eg at eg kunne hatt andre og betre spørsmål på spørreskjemaet. Men det er vel naturleg i og med at eg då hadde skaffa meg meir kunnskap om emnet.

Det første eg måtte gjere i analysearbeidet var å ta for meg skjema for skjema for å finne ut kva dei hadde svart, -og kor mange som hadde svart dette. Eg såg det som naturleg å knytte dette opp i mot jente/gut. Dette for å sjå om den eine gruppa er meir utrygg enn den andre. Det har vore vanskeleg å tolke svara og å sjå dei i ein større samanheng. Eg har vel hatt ein analyse på eit heller lett nivå. Ein kan sjå tendensar og gjere seg opp ei meining. Men ein bør vere forsiktig med å trekke konklusjonar og hevde at dei er representative.

For min eigen del prøver eg meg på ein "konklusjon". Det er ei slags oppsummering av dei opplysningane eg har fått, og av det inntrykket eg sit att med.

Tilbake til startsida

Forrige side

Neste side