Generelt om analysedelen

Det er vel ingen spesielle krav til kor mange spørsmål eit spørreskjema skal innehalde, og ein kan vel heller ikkje døme om ein undersøking er god eller dårleg etter talet på spørsmål. Men det er vel naturleg at til fleire spørsmål undersøkinga har, og også talet på svaralternativ, til vanskelegare og meir omfattande vert tolknings-/analysearbeidet.

Eit problem som gjorde seg gjeldande då eg skulle behandle det materialet eg hadde var at ein del spørreskjema ikkje var fullstendig utfylt. Det verka nesten som om at det var ein del ungar som hadde prøvd å fylle ut skjemaene på eiga hand, -utan hjelp frå nokon vaksen. Det er ikkje så mange det gjeld, men eg må ta det med i betraktninga ved det vidare arbeidet med materialet.

Som tidlegare nemnt så vil eg avgrense oppgåva, og legge vekt på ein av mange ting som er viktig for trivsel, nemleg tryggleik. Ved å ta for meg den generelle tryggleiken knytt til forholdet lærar-elev, elevane seg imellom og til aktivitetane, unngår eg samtidig dei to delane av spørreskjemaet som var noko ufullstendig utfylt. Eg plukkar ut spørsmål som omfattar desse tre forholda, grupperar dei og prøver å finne ut om det er noko som utmerkar seg når det gjeld tryggleiken, og eventuelt om det går an å finne årsaker til det.

Det vil i denne delen av oppgåva verte brukt ein del heile tal og prosenttal for å klargjere forholda mellom dei ulike svaralternativa. For forståinga sin del er det viktig å vite korleis ein kjem fram til tala. Eg vil la dei 50 spørreskjemaene som g har fått tilbake vere representantar for alle barna på idrettskulen. Med dette meinar eg at når eg reknar i prosent, så tek eg utgangspunkt i samla sum av svar på dei ulike spørsmåla. Eks: Går bestevennen din også på idrettskulen? Her har 46 stk av 50 svart ja. Dette skriv eg slik; 46/50 (92%).

 

 

Analyse:

 

Generell del

Spørsmål nr :1 Kjønn:

Jente 26/50 (52%)
Gut 24/50 (48%)

 

Spørsmål nr :5 Gler du deg til treningane?

Ja 20/50 (40%)
Ofte 5/50 (10%)
Av og til 7/50 (14%)
Sjeldan 0/50 ( 0%)

 

Lærar-elev

For at trivselen skal vere god må, som før nevnt, forholdet som barna har til læraren/lærarane vere godt. Det er denne grunnleggande kjensla av tryggleik som er så viktig. Eg skal no prøve å finne ut litt om kva forhold elevane har til lærarane. Dette kan ein kaste lys over ved å sjå korleis dei har svart på aktuelle spørsmål i spørreundersøkinga.

 

Spørsmål nr:2 Synest du at lærarane bryr seg om deg?

Alle 24/50 (48%)
Dei fleste 19/50 (38%)
Nokre få 7/50 (14%)
Ingen 0/50 ( 0%)

Her ser ein at på spørsmål om dei synest at lærarane bryr seg om elevane, så er det 24/50 (48%) som synest at alle lærarane bryr seg, og 19/50 (38%) svarar at dei fleste lærarane bryr seg om elevane. At det berre er nokre få av lærarane som bryr seg , er det 7/50 (14%) som synest. Det er ikkje nokon som har svart at ingen lærarar bryr seg om dei.

Det kan vere interessant å skilje svarskjemaene etter kjønn. Dette for å kunne oppdage eventuelle tendensar som utmerkar seg ved den eine eller andre gruppa.

På svaralternativa "alle" og "dei fleste" er der ein noko lunde jamn fordeling mellom gutar og jenter. Men av dei 7/50 (14%) som synest at det verre er nokre få lærarar som bryr seg om dei, er det 1 jente og 6 gutar.

Eit spørsmål som byggjer opp under spørsmålet om lærarane bryr seg om dei eller ikkje er:

 

Spørsmål nr:4 Har nokon av lærarane sagt til deg at du har vore flink?

Ja 20/50 (40%)
Av og til 10/50 (20%)
Sjeldan 12/50 (24%)
Nei 8/50 (16%)

Ut i frå svarfrekvensen ser ein at 20/50 (40%) opplever at lærarane skryt av noko som dei gjer. Av ungane er det 20/50 (40%) som sjeldan eller andri opplever ros av lærarane. Av desse er det 10 jenter og 10 gutar.

 

Spørsmål nr:3 Synest du at du får den hjelpa du treng av lærarane?

Ja 39/50 (78%)
Av og til 11/50 (22%)
Sjeldan 0/50 ( 0%)
Nei 0/50 ( 0%)

Her ser ein at heile 39/50 (78%) får den hjelpa dei treng av lærarane, medan 11/50 (22%) av og til får denne hjelpa. Det er ikkje nokon som føler at dei sjeldan eller aldri får nok hjelp.

 

Spørsmål nr:1 Har du nokon gong vore litt redd læraren?

Ja 1/50 ( 2%)
Av og til 4/50 ( 8%)
Nei 45/50 (90%)

Det er 45/50 (90%) som aldri har vore redd læraren. Og 5/50 (10%) er redd nokon av lærarane, eller er det av og til. Av desse 5 er det 3 jenter og 2 gutar.

Barna får gjennom eitt år møte mange lærarar på idrettskulen. Det er viktig for barna å verte kjende med desse, slik at dei føler at dei bryr seg om ein. Der er 7/50 (14%) av barna som føler at berre nokre få lærarar bryr seg. Men det er også viktig å kjenne kvarandre godt fordi elevane må kunne forvente korleis lærarane vil opføre seg i ulike situasjonar. Dette fordi dei ikkje skal verte redd læraren. Analysen viser at 1/50 (2%) er redd læraren, og 4/50 (8%) er det av og til.

Som tidlegare nemnt er ekte ros veldig lærerikt. Ein får tru på eigne krefter (ved pos. Stimuleringar). Av analysen ser vi at (heile) 20/50 (40%), (16%-nei og 24%-sjeldan), meiner at dei ikkje får dette.

I det neste "analyseavsnittet" vil eg sjå på om elevane føler seg trygg på korleis lærarane reagerer på uro og når nokon er ulydige. Samtidig vil eg også sjå på korleis elevane opplever treningane. -Om barna synest det herskar mykje uro i gruppa eller ikkje.

 

Spørsmål nr:3 Veit du korleis lærarane vil reagere dersom du eller nokon annan er ulydige?

Ja 27/50 (54%)
Av og til 8/50 (16%)
Nei 15/50 (30%)

Her er det som ein kan sjå 27/50 (54%) som veit korleis reaksjonene hos lærarane. -8/50 (16%) som svarer "av og til" og 15/50 (30%) som svarer "nei". På dette spørsmålet er der ikkje noko kjønn som dominerer nokon av dei ulike svaralternativa.

 

Spørsmål nr:4 Reagerer alle lærarane likt på dårleg oppførsel?

Ja 14/50 (28%)
Av og til 10/50 (20%)
Nei 26/50 (52%)

Her ser ein at det er ulik oppfatning av lærarane. Dei svarer;"ja"14/50 (28%), "Av og til" 10/60 (20%) og "nei" 26/50 (53%). Men går ein inn og studerer nærmare ser ein at størstedelen av dei som svarer ja på dette punktet er jenter (heile 12/14 (86%)).

 

Spørsmål nr:5 Læraren bestemmer, er der likevel nokon som er ulydige?

Ja 20/50 (40%)
Av og til 18/50 (36%)
Nei 12/50 (24%)

Ein kan her sjå at 20/50 (40%) og 18/50 (36%) meiner at der er nokon som er ulydige heile tida eller av og til. Det er heller ikkje her nokon forskjell mellom kjønna.

 

Spørsmål nr:7 Dersom nokon er ulydige, kva synest du då om det?

Dei øydelegg for alle 31/50 (62%)
Dei øydelegg for seg sjølve 13/50 (26%)
Det gjer ikkje noko 6/50 (12%)

Det ein kan sjå er at 44/50 (88%) av barna er av den oppfatning av at det er negativt for miljøet at der i gruppa er nokon som er ulydige og skapar uro. Av dei 6/50 (12%) som meiner at dei ikkje gjer noko er det 3 gutar og 3 jenter.

Som før nemnt er det altså viktig at barna kan forvente reaksjonar frå lærarane. 15/50 (30%) føler at dei ikkje veit, og 8/50 (16%) veit av og til kor lærarane vil reagere. Barn treng, og likar, at ein har faste reglar i tilværet. 26/50 (52%) synest ikkje lærarane reagerer likt på dårleg oppførsel.

20/50 (40%) meiner der er noko som er ulydige, og 31/50 (62%) meiner at desse øydelegg for alle. Det er viktig med eit positivt sosialt miljø.

Årsaker til at nokon er ulydige kan vere mange og kompliserte. Det er vanskeleg å tolke ut av svara eg har fått om det er enkeltpersonar eller grupper av barn som er årsaken til desse meiningane. Derfor berre registrerar eg at så mange meinar at denne ulydigheita øydelegg for alle.

 

Elev-elev

Det andre forholdet som har ein stor innverknad på trivselen til barna er korleis miljøet er dei i mellom. For å finne ut litt meir om tryggleiksforholdet barna seg i mellom kan ein også her prøve å studere svara på nokre aktuelle spørsmål som eg har plukka ut av spørreskjemaet. Då kan ein kanskje finne ein tendens som utmerkar seg.

 

Spørsmål nr:8 Har det nokon gong oppstått ein situasjon der du har vore redd nokon av dei andre barna på gruppa di?

Ja 3/50 ( 6%)
Nei 44/50 (88%)
Veit ikkje 3/50 ( 6%)

Ut av svara ser ein at 3/50 (6%) svarar "ja", 44/50 (88%) svarar "Nei" og 3/50 (6%) svarar "Veit ikkje". Det som er interessant å sjå er forholdet mellom antal svar på dei ulike alternativa. Ein ser at flesteparten av barna ikkje har vore redd nokon av dei andre nokon gong. Det er bra. Dersom ein ser meir på dei tre barna som har vore redd ein eller annan gong, finn vi ut at alle desse er jenter.

 

Spørsmål nr:10 Er du redd kva dei andre på gruppa di tenkjer om deg dersom du ikkje greier det som læraren seier?

Ja 13/50 (26%)
Nei 37/50 (74%)

Det er 13/50 (26%) som er redde for kva dei andre tenkjer om ein dersom ein ikkje får til det som læraren har sagt. Og størrelsen på nei-gruppa er då; 37/50 (74%). Av dei 13 som svarer "ja" er det 8 jenter og 5 gutar.

Barna må lære at dei skal tolerere, respektere og akseptere kvarandre. Likevel seier 3/50 (6%) at dei har vore redd medelevar. I tillegg føler 20/50 (40%) at andre elevar bestemmer over ein. Dette er kanskje skremmande når ein tenkjer på at barna tidleg veit kor godt likt dei er i kammeratflokken, og at denne posisjonen ofte er stabil og vil holde seg slik over fleire år.

Barna må få vite at dersom dei ikkje får til noko (ein aktivitet) så vil dei ikkje vere møtt av negative reaksjonar. Dette har også noko med sjølvbilete å gjere. 13/50 (26%) seier dei er redd for kva dei andre på gruppa tenkjer om ein i ein slik situasjon.

Dei spørsmåla som eg til no har sett på, som omhandlar tryggleiksforholdet mellom elevane, er generelle. Dei fem neste spørsmålsstillingane går meir konkret på temaet mobbing.

 

Spørsmål nr:11 Synest du det er elevar som på ein eller annan måte bestemmer over deg og dei andre?

Ja 20/50 (40%)
Nei 30/50 (60%)

Dette spørsmålet innleier temaet om mobbeproblematikken. Det er 20/50 (40%) som svarer positivt på dette, medan dei restrerande 30/50 (60%) svarer "nei". Ein kan ikkje slå fast noko på grunnlag av dette då det er eit vidt spørsmål. Dette gjer at det vert vanskeleg å vite kva barnaforstår med begrepet "bestemmer". Derfor tek eg med nokre spørsmål der eg spør direkte. Og i spørsmåla vert ikkje begrepet mobbing nytta då eg trur det kan vere vanskeleg å forstå.

 

Spørsmål nr:12 Har du nokon gong vorte plaga eller erta idrettskulen?

Ja 10/50 (20%)
Nei 40/50 (80%)

Som ein ser ut i frå tabellen så er der 10/50 (20%) som ein eller annan gong har vorte plaga eller erta, medan resten svarer "nei". Av dei som svarer "ja" er det 5 gutar og 5 jenter. Det som vidare er interessant å undersøkje er om det ofte førekjem at desse vert plaga.

 

Spørsmål 12a) I tilfelle ja, har det hendt ofte?

Ofte 1/10 (10%)
Av og til 5/10 (50 %)
Sjeldan 4/10 (40%)

Dette er eit delspørsmål til spørsmål 12, og det skal kun svarast på av dei som har vorte plaga/erta. Svara har fordelt seg på alternativa på denne måten; "Ofte" -1/10 (10%), "Av og til" -5/10 (50%) og "Sjeldan" 4/10 (40%). Det som viser seg når ein går inn og ser på fordelinga av kjønna er at den som ofte vert plaga er ei jente, medan dei fire som vert plaga av og til er alle gutar.

 

Spørsmål nr:13 Har det skjedd at du er blitt plaga eller erta på veg til eller frå idrettskulen?

Ja 12/50 (24%)
Nei 38/50 (76%)

Dette er eit konkret spørsmål som er aktuelt fordi at dersom nokon vert plaga på vegen til eller frå treningane, så spelar det heilt sikkert inn på barnet si lyst til å møte opp på treningane. Det som kjem fram er at det er 12/50 (24%) som ein eller annan gong har vorte plaga på veg ti eller frå treninga, medan dei restrerande 38/50 (76%) ikkje har opplevd dette.

 

Spørsmål 13a) I tilfelle ja, har det hendt ofte?

Ofte 0/12 ( 0%)
Av og til 3/12 (25%)
Sjeldan 9/12 (75%)

Det som viser seg er at det er heller skjeldan at det forekjem mobbing på vegen. Tabellen viser at det ikkje er nokon som svarer "ofte", det er 3/12 (25%) som svarer "Av og til" og 9/12 (75%) som svarer "Skjeldan".

Årsakene til at nokon vert plaga og erta kan vere så mange. Men ein følge av det kan vere dårleg sjølvbilete. 10/50 (20%) seier dei har vorte utsatt for dette og 1/10 (10%) seier dette skjer ofte.

12/50 (24%) har vorte plaga eller erta på veg til/frå idrettskulen, og av desse 12 seier 9 at det skjer sjeldan.

 

 

Aktivitetane

Som eit tredje punkt har eg sagt at dei ulike aktivitetane som barna får prøve seg på er av avgjerande betydning for trivselen. Det er då ikkje berre kva type aktivitetar som er viktig, men også korleis aktivitetane vert lagt opp på treningane. Dette går på de organisatoriske plan. Det er viktig at vanskegrada på aktivitetane vert tilpassa utviklingsstadiet til barna. Eg ser nermare på dette ved å studere korleis barna har svart på dei følgjande spørsmåla.

 

Spørsmål nr:4 Er det nokon gong du ikkje har greidd å gjere det som læraren sa?

Ja 22/50 (44%)
Nei 28/50 (56%)

Det er 22/50 (44%) som, ein eller annan gong, ikkje har greidd å gjere det som læraren har sagt. Og 28/50 (56%) seir "nei". Dette spørsmålet bygg på vanskegrada på aktivitetane. Det som i neste omgang kan vere interessant å sjå på, er kva dei føler når dei ikkje får til det som vert forventa.

 

Spørsmål 4a) Dersom ja, kva følte du då?

Gjorde ingen ting 15/22 (68%)
Litt ekkelt 7/22 (32%)

Størsteparten av dei 22 som svarte på spørsmålet meiner at det ikkje gjorde noko når dei ikkje fekk det til. Det er 15/22 (68%) som er av den oppfatning, medan 7/22 (32%) synest det var/er "litt ekkelt".

 

Spørsmål nr:5 Har du, ein eller annan gong, vore redd for å gjere det som læraren har sagt?

Ja 6/50 (12%)
Nei 44/50 (88%)

6/50 (12%) har, ein eller annan gong, vore redd for å gjere det som læraren har sagt ein skulle. -Medan dei 44 andre ikkje har opplevd dette.

Eigenverdien vert ofte knytt til eigne handlingar, -til kva ein kan prestere. Vanskegraden på aktivitetane kan derfor få mykje å seie. 22/50 (44%) seier at dei har vore i situasjonar der dei ikkje har greidd å gjere det som læraren bad dei om. 8/23 (35%) følte at dette var litt ekkelt. 6/50 (12%) har vore redd for det læraren har sagt. Tilpassa opplæring er veldig viktig samstundes som alle må få utfordringar. Dette kan skape utvikling.

 

Min konklusjon av tryggleiken og trivselen blant barna på idrettskulen

Dei fleste barna synest at mest alle, eller absolutt alle, lærarane bryr seg om dei. Dei har fått oppleve å få ros/skryt og dei synest at dei får den hjelp dei treng av lærarane. Dette er positivt.

Heile 45/50 (90%) har aldri vore redd læraren.. Barna kjenner seg stort sett trygge på korleis lærarane vil reagere om nokon er ulydige. Men, om lag halvparten meinar at det ikkje vert reagert likt. Barna er opptekne av at alt skal vere rettferdig. Her ein reglar bør desse handhevast likt av alle lærarane. Ein kan spørje seg om lærarane kjenner til desse, eller kanskje er reglane i seg sjølve for lite klare?

Ein ting er sikkert; der er barn som er ulydige, og det er ofte dei same barna som står for dette. Heile 31/50 (62%) meiner at dette øydelegg for alle. Denne uroa går på kostnad av trivselen til resten av gruppa.

Om ein ikkje får til det læraren seier, er 13/50 (26%) redd for kva dei andre tenkjer om ein. Av desse er det 5 gutar og 8 jenter. Det ser ikkje ut til at det er nokon nemneverdig skilnad mellom kjønna.

Heile 10/50 (20%) har vorte plaga eller erta på skulen. 1/10 (10%) seier at dette skjer ofte. På veg til eller frå skulen er det 12/50 (24%) som har opplevd i større eller mindre grad å vert plaga. Det er ikkje nokon som opplever dette ofte, men det er 3/12 (25%) som seier det skjer av og til og 9/12 (75%) opplever dette skjeldan. Av svara på eit tidlegare spørsmål kjem det fram at dei fleste vert køyrd til og frå. Dette spelar heilt sikkert inn på kor mange som opplever problemet med ertinga/plaginga. Erting og plaging er ikkje noko stort problem

Heile 22/50 (44%) seier at dei har opplevd å ikkje få til det læraren har sagt. Dette er i seg sjølv ikkje så farleg dersom ein føler at dette ikkje gjer noko. Barn likar utfordringar. I gruppa synest 7/22 (32%) at dette var litt ekkelt. 44/50 (88%) har aldri vore redd for å gjere det læraren har sagt.

På grunnlag av dette vil eg tru at lærarane vel aktivitetar og nivå som høver for dei aller fleste av barna. Ein kan vel seie at dei fleste av barna trivst på idrettskulen, men det er sjølvsagt inga trøst for dei som ikkje kjenner seg trygge og trivast.

Av dei som har svart trur eg der er nokre som slår negativt ut på fleire spørsmål. Eg trur ikkje at desse trivst noko særleg på idrettskulen. Dette bør ein gjere noko med. Sjølv det som er bra kan gjerast betre.

Tilbake til startsida

Forrige side

Neste side