
Idrettskulen på Finnøy
Idrettsskulen på Finnøy vart starta hausten -93 av
initiativtakar Kirsten Elin Bergsvik, og er eit tilbod til barn i
1.-4. Klasse på Finnøy. Den har sitt opphav i NIF (Norges
Idrettsforbund) sitt tingvedtak frå 1987. Dette vedtaket legg i
grove trekk vekt på at barna bør ha eit idrettstilbod som bygg
på leik, allsidig aktivitet, innføring i forskjellige
idrettar og begynnande spesialisering i enkelte av dei.
Vedtaket seier også at idrettslag som tilbyr fleire idrettar
skal organisere idrettsopplæringa for barn i 1. - 3.klasse i ein
barneidrettsgruppe. Og på Finnøy vert nettopp dette gjort i
samarbeid med Finnøy IL og Finnøy kommune.

Per i dag er det ein stad mellom 80 og 90 barn som nyttar seg
av dette tilbodet. Idrettsskulen har treningstider tre timar på
tysdagane og ein time på onsdagane. Reint organisatorisk er
barna delt inn i fire grupper, med ein eller fleire lærarar. Det
vert ikkje skilt mellom kjønna, men det er kva klasse dei går i
som avgjer kva gruppe dei hamnar i. Dette vert gjort for at dei
skal få gå i lag med barn som dei kjenner godt.
Gjennom skuleåret får barna delta i; ballspel, turn,
symjing, rytme/dans, ski, friidrett og orientering. Idrettsskulen
legg vekt på å ha dyktige instruktørar, og dei må vere kjende
med korleis barneidrett skal drivast.
Etter oppstartinga av idrettsskulen så får ein ulike
erfaringar som gir grunnlag for forbetring. Det har blant anna
vist seg at det er ein stor jobb å ha ansvaret for dette
tilbodet. Denne jobben er det i dag eldsjeler innanfor Finnøy
Idrettslag som står bak, og det er mange som føler takksemd for
den jobben desse personane gjer.


