Innleiing

I denne oppgåva vil eg undersøkje om barna på idrettskulen på Finnøy trivast. For at ein skal trivast må ein blant anna kjenne seg trygg. Men det å kjenne seg trygg er også avhengig av fleire ting.

Eg vel å sjå nærmare på om barna kjenner seg trygge i forhold til lærarane, medelevane og aktivitetane. Sidan det er barna på idrettskulen eg tek for meg, fortel eg først litt om kva intensjonar den har, og korleis den vert driven.

Etter dette gjer eg greie for problemstillinga. Det er mykje som spelar inn for om ein skal trivast. Utan å seie at noko er viktigare enn det andre, synest eg at spørsmålet om tryggleik verkar interessant. Derfor vel eg å gå grundigare inn på det. For å begrense dette, ser eg altså nærmare på dei tre faktorane eg alt har nemnt.

Først i teoridelen definerer eg tryggleik, før eg ser på kva andre skriv om dette og kva nokre teoretikarar har sagt. Det er sjølvsagt alltid viktig at ein kjenner seg trygg innad i idrettsmiljøet? Eg ser på kva positive verknader idretten kan formidle. Verdiar som gjer det så viktig at ein kjenner seg trygg slik at ein er, -og vil fortsatt vere, i idrettsmiljøet. Heilt konkret så ser eg på kva det betyr for den motoriske og fysiske, sosiale og den psykiske utviklinga for den einskilde . Men kva så med den som ikkje kjenner seg trygg? Eg ser på kva som skjer med desse og korleis dei har det.

Teoridelen avsluttar eg med å sjå på kva idretten kan gjere for at barna skal kjenne seg trygge. Lærarane spelar her ei viktig rolle. Eg ser på kva dei kan gjere, på korleis miljøet imellom elevane bør vere og på kor viktig valet av aktivitetar er.

For å finne ut om barna er trygge og trivast leverte eg ut spørreskjema som dei skulle svare på. Generelle opplysningar knytt til skjemaet og til analysedelen kjem før eg analyserer dei opplysningane eg fekk. Eg prøver så på ein konklusjon av dette.

Til slutt kjem ein sjølvevaluering av heile arbeidet.

Tilbake til startsida

 

Neste side