Kva med den som ikkje kjenner seg trygg?
Alt som er nemnt til no kan utviklast innan eit
idrettsmiljø. Men kva så med dei som ikkje kjenner seg trygge,
eller som av andre grunnar ikkje er med i noka idrettsgruppe?
Desse kan også sjølvsagt ha det ein kallar ei positiv
utvikling. Ei positiv utvikling er avhengig av at ein får dekka
behova sine. Om dette skjer i idretten, speidaren eller gjennom
leik i fritida, er mindre viktig. Miljøet må dekke dei
grunnleggande behova slik idretten kan gjere.
Korleis kan ein så vite om nokon kjenner seg trygg eller
ikkje?
Om ikkje behovet for tryggleik er stetta vil eit barn verte
usikker, det vil vise frykt og/eller angstreaksjonar. Dei søker
gjerne å halde seg til rutiner, dei vil vise lita glede for
uventa hendingar. Angst og frykt er ofte svært energikrevjande
fordi det medfører sterke muskelspenningar. Ein vil då ikkje ha
overskot til å vise glede ved aktivitetane. Barna vil kjenne seg
slappe og uopplagde. Dette også fordi angsten kan gi seg utslag
i ein generell uro og engstelse som kan forstyrre søvnen. Mange
vil få konsentrasjonsvanskar.
Barna vil følgelig velge former for aktivitetar som gir
tryggleik og som dei føler dei kontrollerer.
Utrygge barn vil unngå konkurransar og aktivitetar der ein
har stor kontakt med kvarandre og aktivitetar der det er stor
prestasjonsorientering. Maslow kallar eit slikt tilvære for
"the safety level". På dette stadiet har barna nok med
å overleve.
Om ein er redd for noko er det sjeldan ein vil vise dette, -i
fall ein skulle bli plaga og mobba. Om barn er redde for å vise
den frykta dei strir med, vil dette over tid verte ein trussel
imot sjølvbildet (Evenshaug/Hallen s.178) Ein naturleg reaksjon
på frykt og angst er å unngå situasjonar der dette gjer seg
gjeldande.
Kva kan idretten gjere for at barna skal
kjenne seg trygge?
Ein har dei siste åra vorte veldig opptatt av dette
spørsmålet, då ein har sett kor viktig det er. Ein finn temaet
nemt i mest alle bøker som omhandlar barn og idrett. Dette gjer
det lettare for oss å vite korleis ein skal legge opp
"treningar"for t.d. 7/8-åringar samstundes som ein
møter dei ulike behova deira. Vi har i dag ein større
føresetnad enn tidlegare til å dekke barna sine behov for
tryggleik.
Det er fleire faktorar som kan verke inn på om eit barn
kjenner seg trygt eller ikkje inan eit idrettsmiljø. Eg vel her
å sjå nærmare på kva lærarane, medelevane
(miljøet) og aktivitetane har å seie.
I dei tidlege barneåra er som regel behovet for tryggleik
framtredande (Barn og ungdom i idrettsmiljøet nr. 32, s. 32).
Læraren er utan tvil ein enormt viktig faktor for at barna skal
kjenne seg trygge og trivast. Men kva krav set så dette til
læraren?
Læraren må ha gode faglege kunnskapar, må vite kva
verdigrunnlag idretten bygg på og ha kunnskap om menneske. Han
må vite kva som er "typisk" for barn i 7-8 års
alderen; om fysisk og psykisk utvikling, kva som verkar positivt
og negativt på barna og ein må kjenne denne aldersgruppa sine
behov, interesser og væremåte.
Læraren må sjølvsagt like barn, og like å omgå dei.
Dette må til for at det skal verte eit ope og naturleg samspel.
Derfor er det viktig å bruke lang tid på å bli kjede med
kvarandre. Læraren må kjenne alle barna og ha eit personleg
forhold til dei. Dette må sjølvsagt barna føle at læraren
har. Dette er viktig mellom anna fordi alle barna må vite at
læraren bryr seg om akkurat meg , at han likar meg
uansett kva som skjer. At læraren støttar og hjelper meg om eg
treng det. Men det er også viktig fordi alle barna må føle at
dei kjenner læraren. Dei må vite "kvar dei har han",
korleis han er som person. Dei må få kjenne seg sikre på
korleis læraren reagerer på ulike/like ting som skjer. Dei må
få danne seg ei slags forventning, kva dei kan regne med, som
viser seg å vere rett. Det er nemleg veldig uheldig om barna
føler at dei aldri veit korleis læraren vil reagere. Dei vert
då lett usikre og utrygge. Alle sider ved læraren bår vere
stabile, slik at barna i mest alle situasjonar kan forvente kva
og korleis reaksjonen vert.
Dette siste er også styrt av dei reglar ein har i gruppa.
Det viser seg at menneska set pris på faste reglar og normer som
skal styre samværet. Dei yngste barna krev ei meir absolutt
håndheving av reglar og normer (Stene s. 75).
Det er lite vits i slike om dei ikkje vert rettferdig og
konsekvent praktisert. Viss ikkje lærer barna fort at dei kan
lure seg unna, og at det til og med kan løne seg. Dette vil
skape kaos, vere lite stabilt og barna kan aldri forvente noko om
kva som vil skje.
7/8-åringar er lette å påverke. Dei lærer og vert
påverka i og av det miljøet dei er ein del av. Læraren vil
ofte verte eit forbilde for elevane, ein dei ser opp til og
beundrar. Dette gjeld både dei faglege kunnskapane og dei
verdiane han står for. Barna vil gjerne verte som læraren i
eitt og alt. Dette må læraren vere klar over, og handle etter
dei normer og verdiar ein ønsker barna skal lære.
Uheldige lærareigenskapar er i så måte; spydige og
ironiske kommentarar, latterleggjering av barna som dumme og
klønete, sinte og oppfarande, bryr seg om uviktige detaljar og
har dårleg humør slik at ein sjeldan smiler eller seier noko
positivt (Stene s. 76).
Slike lærarar kan barna òg kome til å kopiere, eller dei
vil skape så stor angst at barna sine behov for tryggleik vert
så sterke at det vil styre dei heilt.
Undersøkingar og forskning viser at læraren utgjer den
viktigaste faktoren ved etableringa av det sosiale klima i gruppa
(Kjørmo s. 258). Idretten kan gi verdifull sosial trening. Det
"sosialiseringsbodskap" som så læraren gir er viktig
for barna si sosiale forståing og atferd. Det dei lærer her har
også sin verdi i at dei kan ta det med seg ut i samfunnslivet
ellers.
Det må altså skapast eit positivt sosialt klima. Læraren
må vise at han verdset faktorar som høyrer til i eit slikt
miljø. Stikkord kan vere; tolleranse, aksept, respekt og
samhald. Miljøet er godt om det hjelper barna til å akseptere
seg sjølv og tru på eigne krefter. Tru på eigne krefter får
ein gjennom positive stimuleringar. Dette hindrar også motgang
frå å påverke oss på en negativ måte.
Det er viktig at alle vert verdsatt for det dei gjer,
læraren må reagere positivt og oppmuntrande. Barnet må
oppfatte slik reaksjon som ekte. Dessutan, positiv reaksjon,
-ros, når ein gjer det bra er meir lærerikt enn negativ
reaksjon, -straff, når ein gjer noko mindre bra (Railo s. 12).
Allereie i 6-års alderen har barn ei realistisk oppfatning
av sin status i kammeratflokken, og det går ikkje lenge før dei
veit ganske nøyaktig kor godt likt dei er blant dei andre. Det
viser seg også at den posisjonen dei får her er nokså stabil
og vil halde seg slik gjennom barne - og ungdomsalderen
(Evenshaug/hallen s. 245).
Barna må lære at ein skal tollerere, respektere og
akseptere kvarandre. Barna må vite at sjølv om dei ikkje får
til noko som er venta av dei, vil dei ikkje verte møtt av
negative reaksjonar. Dette gjeld både frå lærar og medelevar.
Likedan skal dei sjølve heller ikkje gi ifrå seg slike.
Sjølvbildet er avhengig av korleis ein oppfattar seg sjølv,
-men også av kva ein trur andre synest om ein.
I vår kultur har sjølvbildet nøye samanheng med personen
si oppfatning av sin eigen kompetanse. Men ikkje berre det; I
følge Erikson er det i denne alderen kjensla av eigenverdi vert
knytta til eigne handlingar (Imsen s.118). Vi ser då at
aktivitetane og vanskegraden av dei kan få mykje å seie. Det er
viktig å gi varierte oppgåver, allsidige øvingar for at flest
mogleg i størst mogleg grad skal lukkast. Det er viktig å ta
utgangspunkt i føresetnader og moglegheiter barna i gruppa har.
Læraren må legge til rette for tilpassa opplæring.
Samstundes som ein skal gi barna utfordringar, skal sjansane
for å mislukkast vere minimale. Ein må gi passe vanskelege
oppgåver til alle. Vert alt lagt opp tilpassa gjennomsnittet i
gruppa, vil dette vere veldig uheldig for dei som er mindre
flinke og for dei som er veldig flinke. Det vil seie at dei som
er mindre flinke veit at sjansen for at dei skal få til dette er
minimal. Dei forventar negative opplevingar med situasjonen og
utviklar ein grunnleggjande angst for å mislukkast. Det er
faktisk slik at ein føler det mest audmjukande å mislukkast med
noko ein for skams skuld burde klare å få til, altså middels
vanskelege oppgåver. Angsten for å mislukkast er då maksimalt
aktivert hos desse. Angstdominerte barn bør få starte med enkle
oppgåver, som dei er visse på at dei får til, og ha ein varsom
progresjon slik at ein gradvis kan få større tiltru til eigne
evner. Dei veldig flinke barna får ikkje utfordringar nok av
slike oppgåver der dei veit at dei vil lukkast. Dei vil ikkje i
lengda klare å motivere seg for slike aktivitetar. Barna likar
altså best situasjonar som vekker ei moderat forventning om å
lukkast (Imsen s. 81-83).
Idrett for barn skal vere gøy. Barna sine behov og ønsker
skal vere viktigare enn resultat, mål og poeng. Motivasjonen må
vere indrestyrt; ein har ønske om å utføre noko ut i frå
interesse og ein kjenner indre glede ved dette. Er den ytrestyrt
vil ein utføre noko fordi ein ser at ein kan få belønning
eller nå eit mål som ikkje har noko med sjølve aktiviteten å
gjere (Imsen s. 43).
Barna må så tidleg som mogleg få interesse for
idrettsaktivitet som ein faktor til trivsel. Idretten må
medverke til å tilfredsstille dei sentrale behova deira, som til
dømes tryggleik, og dermed også gje føresetnad for vevære
(Stornes s. 59).
Då er det også naturleg at miljøet vert tilpassa barna, og
ikkje omvendt.


