Kva positive verdiar kan idretten formidle?

I 1987 vedtok Idrettstinget i Norges Idrettsforbund nye retningslinjer for organisering og tilrettelegging av barneidrett. I "Bestemmelser om barneidrett", punkt 2 finn ein; "Barneidretten skal tilretteleges som allsidig idrettsopplæring hvor det tas sikte på å stimulere barnas fysiske, psykiske og sosiale utvikling, og å gi en opplæring og innføring i flere idretter".

Det er altså ønskeleg at barna ikkje berre skal utvikle sin fysiske og motoriske dugleik, men også ha sjansen til å utvikle seg på det mellommennesklege plan. Ein skal stimulere og utvikle "heile" barnet.

Å vere med på ulike aktivitetar vil stille ulike krav til dugleiken og ein vil utvikle "all-round"-eigenskapar. Ein får også tilfredsstilt fleire behov. Samstundes vil det gi barna ulike sosiale erfaringar som gir grunnlag for læring og utvikling.

Barn treng spenning, utfordringar, tryggleik, varierte opplevingar og fysisk aktivitet. Dei har også behov for å kunne heve seg og å oppleve eit sosialt fellesskap (Railo s.14). Maslow kjem, som før sagt, også inn på kva behov vi har. Idretten kan dekke fleire av desse og dermed gi føresetnad for velvære.

Trening må vere tilrettelagt på ein måte som gir dei aktive ein sjanse for positive opplevingar. Og då seier det seg sjølv; tilbodet må verte gitt på barna sine premissar. Det er barna sine behov som skal dekkjast og deira utvikling som skal stimulerast.

Røynsler frå barneåra er viktig for menneska (Kjørmo s.15). Eit impulsfattig miljø kan hemme både den intellektuelle utviklinga, utviklinga av kjenslelivet og kroppslege eigenskapar. Slike skadar kan det vere vanskeleg å bøte på seinare (Barn og ungdom i idrettsmiljø s.6).

Kan idretten hjelpe barna til å få ein positiv personleg utvikling? Mange undersøkingar viser at barn som driv idrett utviklar lettare sjølvtillit, vert tilpasningsdyktige og har samarbeidsevne. Dei har stort sett betre sjølvdisiplin, sjølvkontroll og karakter. Det vert og hevda at dei har større personleg mot (Railo, "Ditt barns idrett" s-26) Dette forutset sjølvsagt at barna får, blant andre ting, dekka behovet sitt for tryggleik.

Ein god fysisk og motorisk utvikling verkar positivt inn på den mentale og sosiale helse. Det er derfor veldig viktig at ein legg til rette for barna slik at denne utviklinga kan skje (Idrett for barn, del 1, s.21).

 

 

MOTORISK UTVIKLING

Frå fødselen av viser barn trong til å uttrykkje seg igjennom rørsle. Med rørsle undersøker og eksperimenterer dei med sin eigen kropp og med sine omgjevnader. Ved 7/8-års alderen har dei fleste borna automatiser grunnleggjande dugleikar som å gå , springe, hoppe og kaste. Forutan å øve på desse, kvar for seg og i kombinasjon, kan ein også byrje å øve på rørsler som krev meir fin-koordinasjon. Deira evne til å beherske ulike rørsler aukar. Dei erfaringane barna får i å bevege seg i får -og småskulealder, vert avgjerande for deira motoriske standard resten av livet. Det er nemleg slik at det som vert forsømt her er det vanskeleg å ta att seinare.

Utviklinga av menneske skjer gradvis og i eit mønster. Ein kan ikkje tileigne seg, eller lære seg noko, før ein er moden for det. Den gunstigaste perioden for motorisk læring byrjar i 7-års alderen og vert ofte kalla "den motoriske gullalder". For at barna då skal tileigne seg ein variert dugleik må dei sjølvsagt få møte ei allsidig motorisk stimulering. Barna å få sjanse til å utvide repertoaret sitt av rørsler i takt med sin motoriske utvikling. Evenshaug/Hallen seier dette slik på s.58; "Fra et utviklingsmessig synspunkt er det av stor betydning at barn får rikelig anledning til å øve opp en motorisk ferdighet straks det modningsmessige grunnlaget er tilstades for vedkommende ferdighet".

Det å vere i fysisk aktivitet vil også virke positivt inn på vår fysiske helse som; auka uthald, styrke, snøggleik og leddutslag. Ein får lære å bevege seg hensiktsmessig slik at ein kan tileigne seg gode rørslevanar og ei god holdning, som igjen kan førebygg belastningsskadar og redusere fysisk stress/spenning.

Vert det krevd noko av barna som det fysisk ikkje er mode for, vil barnet lett mislukkast, det vil ikkje få det til. Som ein vil sjå seinare er det av største verdi at ein som trenar gir barna aktivitetar og oppgåver som barna hat ein reell sjanse for å meistre. Det vil vere med på å styrkje både den sosiale og den psykiske sida hos barna.

 

 

SOSIAL UTVIKLING

Det er stadfesta i ulike undersøkingar at mennesket har ein sterk tendens til å søke etter og oppretthalde sosial kontakt med andre mennesker.

Kva er så sosialisering? Det er ein prosess der individet tileignar seg verdi- og livsmønsteret til ei spesiell gruppe eller kultur.

Først når ein har dekka behovet for tryggleik vil ein søke å dekke det neste behovet, som i Maslow sitt hierarki er behovet for kjærleik og sosial tilknytning. Maslow ser også på menneske som eit sosialt vesen, og han meiner at dette tredje behovet spring ut av kjensla av tryggleik.

Det vert sett fram som ei aktuell hypotese i idrettspsykologisk teori om at deltaking i idretten kan i stor grad vere betinga av kontaktmotivet. Mange er med på idrett nettopp for å høyre til i ei gruppe (Kjørmo s.82).

Idretten er kontaktskapande og kan klart vere ein stad der varig vennskap oppstår. I gruppe kan ein lære seg å tilpasse seg andre og utvikle solidaritets- og fellesskapskjensle.

I gruppa kan barna og lære viktige verdiar, normer, holdningar og roller som rår i "de voksnes verden". Ein får også utvikla forståing, toleranse og respekt for dei andre. Samtidig må ein låre seg å tilpasse seg andre. Alt dette er verdiar eit "godt menneske" er prega av. Sidan individa vert påverka av det miljøet dei er i, er det viktig at desse er gode.

I tillegg kan miljøet gi den einskilde status, respekt og sjanse for positiv stadfesting på seg sjølv Dette er av største verdi for den psykiske utviklinga.

 

 

PSYKISK UTVIKLING

Behovet for å vere fysisk aktiv er medfødt (fysiologisk forankra) og er spesielt framtredande i barneåra. Forsøk viser at om en hindrar eller stoppar den fysiske aktiviteten over lengre tid, vil det virke frustrerande. Det har altså psykologisk uheldige verknader.

Vi ser at det å halde seg i aktivitet er psykisk godt for oss. I dag er stress eit mykje brukt ord. Er eit barn psykisk spent, kan dette lett føre til at ein spenner musklane i kroppen. Ein kan sjlvsagt redusere psykisk spenning ved terapeutisk behandling. Men, ein kan også redusere denne spenninga ved å redusere den muskulære spenninga. Ein meiner derfor at om ein driv fysisk trening kan ein førebygge både den muskulære og også den psykiske spenninga; stress (kopi frå "Innstilling om behovet for idrett og fysisk fostring" Sande kommune)

Det er eit mål for idretten å vere med på å utvikle personlegdomen til barna. Personlegdomen er det som bestemmer og utgjer det karakteristiske ved eit individ. Identitet; ein lærer å kjenne seg sjølv og vite kva ein står for. Sjølvoppfatning; korleis ein ser på seg sjølv på grunnlag av den oppfatning personen trur andre har om han.

Både identitet og sjølvoppfatning vert utvikla gjennom samver med andre. Sjølvoppfatning vil i stor grad vere bestemt av at ein samanliknar seg med andre. Miljøet i gruppa betyr derfor mykje. Det må ikkje vere slik at den einskilde sitt bilde av seg sjølv vert dårleg.

Alle treng å ha eit nokolunde positivt bilde av seg sjølv. Sjølvkjensla vert styrka når ein meistrar noko, og når ein ser at andre også verdset det ein har gjort. Sjølvkjensla vert bygd opp steg for steg, gjennom medgang som motgang. Men vert klart styrka når ein meistrar noko, -når det er balanse mellom tryggleik og spenning.

For nokre barn, kanskje spesielt dei med anlegg og evner for idrett, betyr idretten ein reell sjanse til sjølvrealisering. For desse vil ikkje noko anna gi dette i tilsvarande grad (sjå kopi som er nemnt ovanfor).

Idretten er akseptert i samfunnet, og den gir derfor barna ein fin sjanse til å forme personlegdomen.

 

Tilbake til startsida

Forrige side

Neste side