HER FÅR DU KANSKJE SVAR PÅ NOKRE AV SPØRSMÅLA DINE, SAMT AT DU FAR EIN LITEN PEIKEPINN PÅ KVA DETTE GÅR UT PÅ, KVA SOM ER MEININGA MED DRESSUR, ULIKE BRUKSMÅTAR OG DIVERSE... FØRST OG FREMST BØR DU VITE DETTE:
DET ER DU SOM SKAL LÆRE, OG TA TIL DEG DET DU FÅR LÆRE HER, FOR DERETTER Å PRAKTISERE DETTE MED HUNDEN DIN. DIFOR ER DET IKKJE NØDVENDIGVIS HUNDEN DIN DET ER NOKO GALE MED NAR DEN IKKJE VIL HØYRE PÅ DEG, MEN DET ER DU SOM ENTEN ER FOR LITE INTERESSANT ELLER AT DU RETT OG SLETT MISFORSTÅR HUNDEN DIN!
ELLER KORLEIS DU KAN FA KONTAKT MED HUNDEN DIN, DET ER DU SOM SKAL LÆRE DEG SJØLV A GJENNOMFØRE DEI!!!
SER DU LIKSKAP MED DEG SJØLV OG EKSEMPELET HER???
Drøymer du om ein hund som går som ein engel i band? Aldri dreg, og aldri forlet plassen sin ved sida av deg? Ein hund som set seg ned der du stoppar, kanskje for å prate med kjende. Hunden din som aldri gøyr på andre hundar eller dyr, eller andre menneske. Hunden din som varslar mogleg fare, og er med deg over alt? Er dette drøymehunden? Er du "plaga" med ei bikkje som gøyr på alt og alle, er umogleg å gå i band med, og aldri kan vere med nokon stad, grunna alt bråket som fyl med? Har du prøvt å dressere den etter beste evne, men aldri fått noko anna enn dårleg resultat??? Forstår du hunden din? Ofte er det nemleg ikkje berre hunden din sin feil, han forstår kanskje deg, men du forstår ikkje han! Umogleg? Nei, vi kan love deg at i dei fleste tilfelle er det du som tek feil. Hunden er slik, fordi det er du som har skapt han slik, dessverre... Nokre menneske har alltid slike lydige hundar. Dei har ein hund som dei kan ta med dei fleste stadar utan problem. Dei har kanskje fleire hundar som til saman gjer mindre av seg enn din eine. Dette kan faktisk vere stort sett uavhengig av rase. Men då skal du vite ein ting, bak dette vidunderverket av ein hund, ligg det mykje arbeid. Hunden og eigaren byrja nok i si tid på akkurat same steget som du no står på. Og med same tankane. Dei var sikkert skeptiske til både hunden og seg sjølve. Men dei gav ikkje opp! Og det må ikkje du gjere heller! Vær positiv, og gle hunden! Hunden har det heller ikkje godt, om du har ein dårleg dag. Til saman blir det eit dårleg parti...
Så eit par punkt som er viktig å praktisere anten du er heime eller er ute blant andre.
1. Sett deg i respekt,
2. Hunden er eit flokkdyr.
3. Du blir leiaren av flokken.
4. Flokken er familien.
5. Er det berre deg og hunden, er de likevel ein flokk.
6. Du er i alle høve leiaren i flokken.
7. Du er leiaren og ikkje minst sjefen til hunden din.
I kvelpekullet var hunden van med at tispa var leiaren. Ho var venleg men autoritær, ansvarsbevisst og kjærleg, men bestemt. Dei Små vart vanlegvis satt ganske kontant på plass om dei ikkje lystra. Men kvelpane elska likevel mora si. Når ein ny kvelp kjem i huset ditt, overtek du mora si rolle. Du må vere rask til å fortsette der ho slapp. Ver ikkje redd for å vere for streng, sjølvsagt må kvelpen få gjere seg kjend med den nye heimen sin, men sett grenser frå fyrste dag. Vis at det er du som er sjefen!
· Dressuren må innlærast i hyggjelege og behagelege former. Er trenaren glad og i godt
humør påverkar dette hunden positivt. Stemninga smittar. Men framfor alt påvirker
trenaren hunden gjennom eit høgt rørsletempo. Marsjtakta blir rask og vendingane kjappe,
og hunden set meir pris på å bli rost. Dressuren blir fylt med glede. For hunden blir det ei
morosam tid med fart og allsidig rørsle. Hunden kjem ikkje til å keie seg, den vil
stortrivast!
· Heile dressurtida bør ein innstille seg på å arbeide i korte periodar, særleg i byrjinga.
Dei første gongane er det nok med 30-40 sekund. Hunden må ikkje hugse dressurtimen
som noko som det var godt å sleppe vekk frå. Dressuren må bli hugsa som morosamt,
men travelt saman med "mor eller far".
· I den tradisjonelle dressuren blir orda ein lærer hunden til å forstå og adlyde, kommandoord. Dette høyrer kanskje litt strengt ut. Men om du tenkjer på å gå
dressurkonkurransar, får du berre lov å bruke ein kommando, på ein øvelse. Og det er
greitt for hunden å ha eit ord å forhalde seg til, i staden for ti ord. Eit veldig godt eksempel
på dette er bruken av ordet DEKK. Her er mange rare variantar, LEGG SEG, LIGG,
NED og handflata i golvet.
Det var det eg kunne bidra med i denne samanhengen, og eg håpar du kan drage nytte av noko. Til utarbeiding av teksta har eg hatt hjelp frå hundeklubben i Ørsta.