Har
du prøvd dette før? 
Det å finne
nye ting å drive med i forming eller teiknetimane er ofte
vanskeleg. Her er imidlertid ein aktivitet som kan nyttast på
dei fleste klassetrin. Aktiviteten er like vellukka for dei aller
yngste i skulen som dei eldste. Ein kan sjølvsagt også prøve
dette heim med eigne born.
Material ein treng for å lage desse bilda er: 
Det er heilt klart ein fordel å arbeide på ein plass der du kan rote litt, for litt rot det vert det.
Ein blandar først saman 2 delar lim og 6-8 delar vatn i eit kar eller i ei bøtte. Deretter tek ein tørkepapir og legg i limvatnet. Når papiret er gjennombløytt tek ein det opp og legg det på kartongen og formar den figuren ein har bestemt seg for å lage. Når figuren er ferdig forma, gjerne med fleire lag papir, må arbeidet tørke til neste dag. Dersom noko løsnar ,er det sjølvsagt berre å lime det på att. Ikkje ver redd for å dynke arbeidet med limvatn.
![]()
Før du startar arbeidet er det lurt at kvar elev lagar seg ei skisse av bilde sitt. På denne måten vert det mindre rot og elevane veit på førehand kva dei skal lage. Det er også svert lurt at klassa har eit tema å jobbe med. Bilda som er synt på desse sidene er henta frå tema "Hakkebakkeskogen" og det er andreklassingar som har laga bilda.
Andre tema kan tildømes vere: Vårblomar, livet i havet, ein planet, fuglar, dyr etc. Som du ser er det få begrensingar på tema ein kan velje.
Når arbeida har tørka, er det berre å gå i gang med å fargelegge. Ein får eit tilfredstillande resultat ved å nytte vanlege vassfargar. Som ein kan sjå av bilde i toppen av sida ,er det ikkje sikkert bilde treng mange eller mykje farge.
Desom du har lyst til å sjå fleire bilder som er laga på denne måten so følg etter.......
Bilder som var laga
![]()
