For å starte med meg sjølv så er eg ein 56-modell og trivest ganske bra med det.
Fortida studerar eg ved Høgskulen i Volda og er i tillegg lærar ved Vikemarka skule.
Fritida mi brukar eg stort sett på barneidrett,handball og heimen.
Ingebjørg har vore gift med meg i over 15 år, noko som må seiast er litt av ein prestasjon.
Ho har nok runda dei førti, men er like blid fordi. Ho arbeidar ved Fylkessjukehuset i Volda,
og vert vel der ei stund til.
Saman har vi dei tre borna Lone(12), Idun(10) og Sturla(7). Alle tre går på Vikemarka skule,
så vi er godt representerte der.
Lone (bilde). er ivrig handballspelar på Ørsta sitt jentelag for 85-modellar, og spelar fotball på sommaren. Ellers går ho sjuande klasse, og er snart ungdomsskuleelev. Flittig turgåar med Zico, og kosar seg i sofaen.
Idun (bilde). er med i barneidrettsgruppa til Ørsta.I.L der aktivitetane er mange, men som med storesystra er det
nok handballen som er kjekkast.
Her ser vi bilete av laget hennar etter ein kamp på vårparten.
Idun står som nummer to frå venstre i bakre rekke.