Møre og Romsdal fylke
 
Friluftsliv
 
Innhald 

 
 
Historie
 
Geografi
 
Samferdsel
 
Næringsliv
 
Natur
 
Kommunar
 
Til hovudside
 
 

For den som er glad i friluftsliv, er Møre og Romsdal eit fylke med mange mulegheiter. Både for den som likar seg på sjøen, og for den som likar å gå i fjellet, sommar som vinter, ligg alt vel til rette. Frå ytste holmar til inste bygder og fjell finst det høve til å dyrke ulike friluftsinteresser.  

Ved kysten 
Ute langs kysten kan ein dykke etter interessante prospekt, t.d. gamle båtvrak, eller  ein kan drive med undervassfotografering. Ein tidvis røff kyst gir også gode høve for brettsegling, både for nybegynnarar, (når veret tillet dette) og for vidarekomne som ofte finn gode treningsmulegheiter i opprørt sjø. 
Mange vakre sandstrender langs fylket innbyr også til eit yrande badeliv om sommaren, og dette tilbodet er det mange som gjer seg nytte av sidan det i dei fleste tilfelle sjølvsagt er gratis. 
Det mest nytta friluftstilbodet langs holmar og skjer er vel fritidsfiske. Anten ein vel å stå på eit berg, eller ein ønskjer å fiske frå båt, har ein høve til dette i alle kystkommunane i Møre og Romsdal. Mest alle kommunar med respekt for seg sjølv har ei eller anna form for utleige av utstyr for slikt fiske. 
Håholmen på Nordmøre har eventyraren og havseglaren Ragnar Thorseth og kona hans renovert eit gamalt fiskevær med omlag 20 gamle bygningar frå 17- og 1800-talet. Øya, som er på  omlag 50 mål, har ei verhard ytterside mot storhavet, medan innersida gir ly for ei naturleg hamn, og her ligg dei maleriske bygningane som er sett i stand for utleige 
 
Forts.
.

Nokre linkar som kan vere interessante for den som likar seg i naturen generelt, og i Møre og Romsdal spesielt. 

Sunnmørsalpane 

Fagre fjell i Ørstaregionen 

Tafjordområdet 

Innerdalen på Nordmøre   

Trollheimen 

ÅST

DNT