Innhald
|
Klima
Verlaget i fylket er påverka av havet i
nordvest og av høge fjell som skjermar mot aust og sør. Ved
kysten bles det oftast frå ei retning mellom søraust og sørvest
om vinteren. Om sommaren bles det oftast frå nordaust ved kysten,
særleg typisk i varmeperiodar med solgangsvind. Vandrande lågtrykk
gir kuling, iblant storm, oftast frå ei retning mellom sørvest
og nordvest
Ved kysten er februar normalt den kjølegaste
månaden i året, med middelverdiar rundt 2 grader. I fjordstroka
er temperaturen noko lågare, og i dei indre dalstroka er middeltemperaturen
nede i minus 5 grader i januar som er kaldaste månaden. August er
vanlegast varmaste månad med ein middel på omlag 13 grader.
Typisk for fylket er fønvind med høge
temperaturar når søraustlege vindar slår ned frå
fjellet, det har vore registrert oppi 19 grader i februar under slike tilhøve.
|
Uver ved
Golleneset
Fotograf: Johannes
J. Jensås |
Brekketindane
Fotograf: Rune Olsen |
|
Ønskjer du å sjå bilda i full
storleik, så klikk på dei
|
|