Årsnedbøren er 1000-2000 mm.
Berre ei smal sone langs kysten og fylkesgrensa i aust har middelverdiar
mellom omlag 750-1000 mm. Det regnar gjennomgåande mest om hausten,
ofte som byger i luftstraumar frå mellom vest og nord. Havtåke
førekjem ved kysten, helst i sommarhalvåret, medan det er
lite tåke over indre strok.
Busetnad
I heile etterkrigstida har Sunnmøre
og Romsdal hatt sterkast folkevekst og såleis ein stadig aukande
prosentdel av fylket sitt folketal. I 1996 hadde Sunnmøre 51,3%
av folketalet, Romsdal 23,3% og Nordmøre 25,4%. Veksten i folketalet
går føre seg i dei store tettstadane, medan kyst og fjordstroka,
særleg på Nordmøre, har ein svak nedgang i folketalet.
Busetnaden er tett i låglandet langs kysten, til dels også
innover langs fjordane. Ein stor del av folket i fylket bur på øyar.
60% av folket bur i til saman 70 tettstadar. Dei tre største, Ålesund
(24300 ib.), Molde (17700 ib.) og Kristiansund (16800 ib.) ligg ved utløpet
av kvart sitt fjordsystem, og er regionsenter for høvesvis Sunnmøre,
Romsdal og Nordmøre.
Møre og Romsdal i tal:
|
Arealfordeling
|
% |
Høgdenivå |
% |
Sysselsetting |
% |
| Jordbruk |
4 |
0-600 m.o.h. |
56,3 |
Jordbr.,skogbr.fiske/fangst |
11 |
| Produktiv skog |
18 |
600-900 m.o.h. |
17,2 |
Industri og bergverk |
22 |
| Ferskvatn |
3 |
Over 900 m.o.h. |
26,5 |
Kraft og vassforsyning |
1 |
| Anna areal |
75 |
..... |
... |
Bygg og anlegg |
7 |
| ..... |
... |
..... |
... |
Forretningsverksemd |
15 |
| ..... |
... |
..... |
... |
Samferdsel |
8 |
| ..... |
... |
..... |
... |
Anna tenesteyt. næringar |
36 |
|