|
|
| Kong Nor hadde 7 søner, og då landet
skulle delast mellom desse sønene, vart nr. 6, Thorgard, konge over
Sunnmøre. Sonesonen hans, Arnvid, regjerte på Sunnmøre
i Harald Hårfagre si tid, og han fall i kamp mot Harald Hårfagre.
Arnvid vart den siste kongen på Sunnmøre, etter at han fall,
vart Ragnvald Mørejarl innsett som lenshovding over Sunnmøre.
Son til Ragnvald, Rolf, som vart kalla Gange-Rolv avdi ingen hest kunne bere han, var ein stor sjørøvar som enda med å erobre ein stor del av Nord-Frankrike i året 911. Denne delen vart kalla Normandie. Etterkomarar av Ragnvald Mørejarl tok m.a. landnåm på Orknøyane og Island. Etterkvart samla dei ulike greinene seg om enkelte framståande hovdingar og hovdingfamilier. Den mest kjende vart Giskeætta. Giskeætta eigde enorme eigedomar og gods over heile landet, men leia dei store slektseigedomane frå hovudsetet på øya Giske. Her kan ein i dag sjå kyrkja som stammar frå desse tidene. Seinare vart Borgundkaupangen det største handelssenteret på Sunnmøre, frå slutten av vikingtida til omlag 1500 e.Kr. Utgravingar har vist at området var omlag 45 mål stort, og der var ikkje mindre enn 3-4 kyrkjer, viktigaste kyrkjestaden mellom Bergen og Trondheim. På 1800-talet hadde fylket ein andel på omlag 6-6,5% av befolkninga i landet. Men dette århundret vart prega av utflytting til Amerika, og andelen fall såleis mot slutten av hundreåret og fram mot siste verdskrigen. Som elles i landet, var det mangel på jord, dårleg betaling samt draumen om rikdomane i det nye landet som var dei viktigaste beveggrunnane til at så mange reiste ut. Under den andre verdskrigen fekk enkelte av stadane
i fylket svært hard medfart av tyske bombefly. Åndalsnes og
Molde vart utsett for intens bombing i samband med jakta på konge
og regjering. Fylket spela også ei svært
viktig rolle i den illegale transporten av menn og kvinner over til England.
Mange større og mindre skuter kom og gjekk til og frå
holmar og øyar ute i skjergarden i Møre og Romsdal. Ikkje
på langt nær alle overlevde denne trafikken. Nokre vart senka,
og andre vart tatt til fange av tyskarane.
|