Møre og Romsdal fylke
 
Frå Geiranger
Fotogr.:
Knut I. Osvoll
Fylket ved hav og fjell 
Trollstigvegen 
Fotogr.:
Knut I. Osvoll
 
Innhald 
 
Historie
 
Geografi
 
Samferdsel
 
Næringsliv
 
Natur
 
Friluftsliv
 
Kommunar
 
 
Møre og Romsdal fylke omfattar kysten frå Vanylvsfjorden innanfor Stad i sør til øya Smøla og Tjeldbergodden på fastlandet i nord samt fjord og fjellområda innanfor. Det grensar i nordaust og aust mot Sør-Trøndelag, i søraust mot Oppland, i sør mot Sogn og Fjordane, og i nordvest mot Norskehavet 
Ei vanleg inndeling av fylket er den gamle fogderiinndelinga i Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. 

Namnet kjem av det norrøne mærr, "land", truleg med samanheng til det norrøne marr, "hav", dvs. "landet ved havet" eller "myrlandet". 

Fylkesvåpenet som vart vedtatt i 1978, har tre gullskip sett framanifrå mot ein blå bakgrunn. Dette symboliserar den viktigaste ferdselsåra gjennom tidene: skipsleia.  

Fylket har sitt administrasjonssenter i Molde. Fylket høyrer til Frostating lagdøme, Møre bispedøme, Distriktskommando Trøndelag og Sjøfartskommando Trøndelag. 

Mandat ved fylkestinget for perioden 1995-1999: 

Ap: 14  -  SV: 2 
H: 7  -  Frp: 5  -  KrF: 8  -   Sp: 9  -   V: 9 
Andre: 9 
 
 

 
 
Skarfjell  Innerdalen   
Fotograf:  
Lars Ivar Stølen
 
Frå Geiranger 
Fotograf: 
Knut Ståle Nygård 
 
Ønskjer du å sjå på bilda i full storleik, så klikk på dei.