Møre og Romsdal fylke
 
Natur
 
Innhald 

 
Historie
 
Geografi
 
Samferdsel
 
Næringsliv
 
Friluftsliv
 
Kommunar
 
Til hovudside
 
 

Naturen i fylket er svært variert. Som hovudtittelen på sidene tilseier, er dette eit fylke som inneheld det meste, fylket frå hav til fjell.Langs kysten finn ein ei mengd med øyar, store og små, flate og vidstrakte, men også med til dels høge og bratte fjell. Fleire av desse øyane er oppdyrka, med eit rikt jordsmonn, medan andre er nakne knausar utan anna liv enn fugl og sjødyr. 

Dei mest kjende øyane er Runde med fuglefjellet som er det største i dei sørlege delar av landet.Øya er heilt unik ornitologisk sett, med hundretusenar av fuglar som hekker innanfor eit temmeleg begrensa område. Runde er populært kalla "millionbyen i havet".
Øya Bjørnsund hadde for kort tid tilbake eit levande øysamfunn med relativt stor folkesetnad, rundt år 1900 budde det 5-600 menneske der ute.I dag er øya mest kjend som leirstad og sommarbustad for folk som har flytta derifrå. I tillegg hyser også øya ein god del turistar sommarstid. 
Heilt i nord ligg Smøla, ei stor øy i leden til Trondheim.

Fylket er gjennomskore av lengre og kortare fjordar, med armar som strekkjer seg som smale tarmar frå ytst til inst. Dei lengste er Storfjorden, Romsdalsfjorden, Tingvollfjorden og Halsafjorden. Langs fjordarmane reiser det seg majestetiske fjell av ulik høgde, nokre stuper bratt ned i fjorden, medan andre skrånar med trekledde lier ned mot vass-speglet. Dei høgste fjella finn ein på Sunnmøre, i Tafjordfjella, der det høgste, Pyttegga, reiser seg mest 2000 m.o.h.
 
Forts.
 

 
 
 
 
Frå sørlegaste delane av fylket, mot Stadlandet
Fotograf:
Stig Muren 
 
 Ålesund sett frå Sula
Ønskjer du å sjå bilda i full storleik, så klikk på dei.