Reinheimen er definert som området
sørvest for Gudbrandsdalen og Romsdalen, nord for Ottadalen og aust
for fjordane. I dette området er det stor variasjon i type terreng.
I aust er fjella lave og runde, mest som på Austlandet. Desse runde
fjella held fram mot nordvest, men blir villare i det dei møter
dalar som kjem inn frå vest. I dette området ligg dei høgste
toppane, Karitind og før nemnde Pyttegga. Det er sagt om Pyttegga
at fjellklatraren Kristoffer Randers bygde ein varde på toppen av
fjellet og fortalde seinare at no hadde Møre og Romsdal fått
sin første 2000-meter.
Nord for Pyttegga blir terrenget endå
villare. Heilt i nord ligg dei ekstremt ville Trolltindane. Toppane i dette
massivet ragar 1700 m.o.h., og dei stuper mest loddrett ned mot elva Rauma
som renn i botnen på den tronge Romsdalen. Trollveggen er den høgste
loddrette fjellveggen i Nord-Europa, og har utfordra mange fjellklatrarar
opp gjennom tidene.
Fjellområdet Trollheimen strekkjer
seg gjennom kommunane Surnadal, Sunndal og Rindal inn i nabofylket Sør-Trøndelag.
Også her finn vi mot aust/nordaust fjell som er meir avrunda i formene,
men kjem ein mot vest, vert også her landskapet meir vilt, med toppar
som er både høgre og brattare enn det ein kan finne mot aust.
Den høgste toppen er Trolla, (1850 m.o.h.), men den mest karakteristiske
er kanskje Innerdalstårnet, som ligg i den ville og vakre Innerdalen
på Nordmøre
Trollveggen
Parti frå Trollveggen
Fotograf:
Geir Per Kvam
|
Trolla
Utsikt mot eit av dei høgste
fjella i Trollheimen
Fotograf:
Lars Helge Stølen |
Dersom du ønskjer å
sjå bilda i full storleik, så kan du klikke på dei. |