Møre og Romsdal fylke
 
Samferdsel
 
Innhald 
 
Historie
 
Geografi
 
Næringsliv
 
Natur
 
Friluftsliv
 
Kommunar
 
Til hovudside
 
 
 
 

Fylket er sterkt oppskore av fjordar og sund. I tillegg kjem mange øyar, og dette har vanskeleggjort samferdselen. Fylket har eit relativt tett vegnett, særleg i ytre strok og har i alt omlag 6500 km med offentlege vegar.(Omlag 7% av landet sitt vegnett i 1995).Fylket er eit typisk ferjefylke som bind vegnettet saman.  
I 1980- og 1990-åra har det vore satsa sterkt på store bru- og tunnelprosjekt, særleg på Sunnmøre, der fleire store undersjøiske tunnelar bind saman regionsenteret Ålesund og dei folkerike øyane utanfor med blant anna Vigra, der Ålesund lufthamn ligg. På Nordmøre er det største prosjektet Krifast, som bind saman Kristiansund med fastlandet via ein undersjøisk tunnel og ei bru. Desse to store prosjekta er bompengefinansiert. 
Frå Ålesund går E 136 om Åndalsnes til Dombås og E 6. Frå Molde er det vegsamband (E39/Rv.70) om Sunndalsøra til Oppdal og E 6. 
 
Forts.
 

 
 
 
Krifast-sambandet
Fotograf: 
Johannes Jensås
 
Rundebrua
Fotograf:
Johannes Jensås
Ønskjer du å sjå bilda i full storleik, så klikk på dei.